Frå VM-feber til Bil i Førde
Av Christian V. Hope, Ole Jonny Klopstad

Kvifor er eit kommunikasjonsbyrå med på messer, motbakkeløp, folkefestar og jubileum? Svaret er enkelt: arrangement er kommunikasjon i praksis. Her kan du lese kva Vookal gjer på eit arrangement og kvifor vi gjer det.
30-årsjubileet til Førde Torg, Bil i Førde, Bystien Førde Opp, VM-feber i Florø, FlorøFest, Sildebordet, Himmel & Hav, Våt Moro, Palmekystfestivalen... Ingen byrå i regionen vår er med på fleire arrangement enn Vookal, frå den første ideen til siste bord er rydda.
Arrangement er kommunikasjon i praksis
Når folk står saman på torget i Florø, i Førdehuset eller framfor storskjermen, får byen liv og verksemdene som er med får synlegheit dei faktisk vil ha. Og arrangementet skaper innhald som lever vidare i kanalane lenge etter at det er over.
Difor tenkjer vi på arrangement som ein del av kommunikasjonsarbeidet, ikkje som noko på sida av det. Kven skal vi nå, kva skal dei sitje att med, og korleis får vi dei til å kome.
Dette gjer vi på eit arrangement
Somme gonger er Vookal arrangør, og andre gonger er vi partnaren som gjer at arrangøren får det til. Uansett rolle har vi stort sett dei same oppgåvene:
- Konsept og planlegging saman med arrangøren, frå idé og program til budsjett og sponsornivå.
- Sponsorarbeid: kva partnarane får igjen, og korleis dei blir synlege på ein måte som passar dei.
- Marknadsføring før og under arrangementet: sosiale medium, annonsering og innhald som fekk folk til å kome.
- Grafisk profil og materiell: plakatar, program, skilting, gjerdebannerar og innhald til skjermane.
- Film og motion design, som introfilmar med sponsorar til storskjermen.
- Teknikk der det trengst, som LED-skjermen som viste VM-kampen under årets Våt Moro.
- Folk på plass på dagen. Vi er der når det skjer.
Arrangementa i 2026
Bil i Førde blir arrangert av Vookal i samarbeid med Bilgruppa i Førde. Laurdag 10. og søndag 11. oktober fyller vi Førdehuset med dei nyaste bilane frå forhandlarane i Førde. Vi eig konseptet, sel partnarane inn, marknadsfører og gjennomfører.
Bystien Førde Opp er motbakkeløpet opp Bystien, arrangert av Vookal i samarbeid med Førde IL. Løpet går 12. september, med påmelding, marknadsføring og materiell frå oss.
Førde Torg 30 år blir feira på Elvetorget 11. og 12. september. Vookal har produsert alt materiell til jubileet, frå jubileumsmagasin til plakatar og innhald i sosiale medium.
VM-feber i Florø samla byen framfor storskjermen sommaren 2026. Vookal var med på Fotballfesten til H.O Management og VM-visninga under Våt Moro, med konsept, sponsornivå, introfilm og produksjon av gjerdebannerar. Vookal leverte også den store LED-skjermen til Våt Moro.
For Jølster Aurefest, ein av dei kjekkaste festane i Sunnfjord, står vi bak visuell profil og har levert matteriell til i ei årrekke.
Byen Vår Florø (opnar i ny fane) hjelper vi med det tekniske på nettsida, og med skjema til dei forskjellege arrangementa dei køyrer i løpet av året. Det siste vi har gjort for dei er påmeldingsskjema til Julemarknad på Torget i Florø, der påmeldingane strøymer inn.
Til Florø Fest (opnar i ny fane) 18. september leverer vi bannerar, og for Sildebordet (opnar i ny fane) og Himmel & Hav (opnar i ny fane) har vi levert bannerar og digitale annnonser, samt jobba med landingssidene på nett.
Slik jobbar vi
Vi startar med spørsmåla som avgjer alt: kven er arrangementet for, kva skal dei oppleve, og kva skal partnarane få igjen. Så lagar vi ein plan der marknadsføring, materiell og gjennomføring heng saman, og vi følgjer han til siste kamp er blåst av eller siste bil er køyrd ut.
Du treng ikkje kunne noko om arrangement frå før. Du treng berre ein idé eller eit behov, så finn vi ut av resten saman med deg.
Planlegg du eit arrangement?
Anten det er ei messe, eit løp, ein folkefest eller eit jubileum, kan du ta kontakt med oss så finn vi ut kva vi kan få til saman.
Foto i toppen: Fanny Feragen Solheim
Oppdatert
Skrive av

Christian V. Hope
Kommersiell leiar og rådgjevar

Ole Jonny Klopstad
Dagleg leiar


