PR og kommunikasjon
Eit godt produkt hjelper lite om ingen veit om det. Vi hjelper deg å seie det rette, til dei rette, i rett kanal.

Kommunikasjon påverkar merkevara, resultata og om du når fram til målgruppa. Vi jobbar med bodskap, kampanjar, presse og innhald, og vi sørgjer for at det heng saman med det de gjer elles.
Folk hugsar korleis dei opplever deg, like mykje som kva du seier. Difor jobbar vi med både innhald og form, slik at kommunikasjonen frå verksemda di er tydeleg og til å kjenne att.
Strategisk kommunikasjonsrådgjeving
Mange veit kva dei vil oppnå, men ikkje kvar dei skal byrje. Andre har ein kampanje som skal ut, men ikkje tid eller folk til å lage han. Då kan du få ein rådgjevar hos oss som kjenner kanalane og målgruppene, og som følgjer deg frå strategi til gjennomføring.
Har du ein bodskap som skal nå fram?
Eit godt samarbeid startar gjerne over ein kopp kaffi. Ta kontakt, så finn vi ut av det saman.