
Frå VM-feber til Bil i Førde
Kvifor er eit kommunikasjonsbyrå med på messer, motbakkeløp, folkefestar og jubileum? Svaret er enkelt: arrangement er kommunikasjon i praksis. Her kan du lese kva Vookal gjer på eit arrangement og kvifor vi gjer det.
Fagartiklar, nyheiter og lærdom frå prosjekta våre.

Kvifor er eit kommunikasjonsbyrå med på messer, motbakkeløp, folkefestar og jubileum? Svaret er enkelt: arrangement er kommunikasjon i praksis. Her kan du lese kva Vookal gjer på eit arrangement og kvifor vi gjer det.

Når du kjøper nettside, design eller marknadsføring, bør du vite kven som faktisk gjer jobben og kva dei kan. Her er tre spørsmål du bør stille, og kva svara er hos oss i Vookal.

OpenAI har opna for annonsering i ChatGPT i Noreg. Ideen er god: du kjøper ein kjøpssituasjon, i kjøparen sine eigne ord. Men prisen, målinga og kven som faktisk ser annonsane, gjer at vi rår til å gå varsamt fram.

Bil i Førde blir arrangert av kommunikasjonsbyrået Vookal i samarbeid med Bilgruppa i Førde. 10. og 11. oktober fyller vi Førdehuset med dei nyaste bilane, og difor slår ei felles messe ti separate kampanjar.

Vi er ikkje dei einaste som har sett KI-plakatar og materiell over alt i det siste. På nett, på gata og i butikkar. Og vi byrjar å bli leie.

Vi vert oversvømde av innhald og informasjon kvar dag. På alle digitale flater og i alle kanalar. Kundane dine òg. Korleis skal du nå fram til akkurat di målgruppe med det du ønskjer å seie?

Saman med Photoevent har vi levert eit spennande prosjekt til Kinn kommune. Dei trengte å presentere kommunedelplanen sin samfunnsdel på ein forståeleg og lettfatteleg måte. Vi lagde difor to filmar og ein presentasjon – og fekk lære mykje om planane til Kinn kommune på vegen ✨

Frå nytt lysskilt på fasaden til ein brukarvennleg nettside – Fossedal Trafikkskule har fått ei totalpakke frå Vookal som gjer dei meir synlege både på vegen og på nettet. Med alt frå design og foto til marknadsføring samla på éin plass, har dei fått ein profil som fungerer i praksis og gjer inntrykk.

For 750 år sidan var blant anna Audun Hugleiksson frå Ålhus med på å lage denne lova. Dette vart feira med jubileumshelg på Ålhus, med fagdag, middelaldermarknad, intimkonsertar og matgilde.

Det stod ikkje på lovorda når Kulturmiljøplanen for Sunnfjord 2023-2030 vart ferdig handsama i kommunestyret.

I dag lanserer vi den digitale Førdepatrioten, som er eit kjekt samarbeid mellom Vookal og Førde Fotball. Førde Stadion er den fysiske heimen til Førde Fotball, der vi kjempar om poeng. Fordepatrioten.no blir den digitale arenaen, der vi skal kjempe om Førde-hjarter, spreie entusiasme og dele dei gode historiene om mangt og mykje.

Ole Jonny gjekk måndag offisielt inn i rolla som dagleg leiar hos E. Natvik Prenteverk. Det er gjennom selskapet Atema som Ole Jonny driv at han har kjøpt seg inn på eigarsida av Natvik. Han skal fortsette som før, som dagleg leiar i Vookal. Håvard Henriksen i Natvik blir produksjonssjef og styreleiar for trykkeriet. Begge eig dei no 50% kvar av E. Natvik Prenteverk.

Alle gode ting er tre: I 2001 starta reklamebyrået Inform Media i Førde. 21 år, eit namneskifte og to fusjonar seinare lev selskapet vidare, no under namnet Vookal

Dei fleste bedrifter i dag er til stades i sosiale medium som Facebook, LinkedIn, Instagram, Snapchat og TikTok. Men er det nok å berre delta?

Nordic Mining trengte ein ny grafisk profil. Vi har utvikla og levert ein komplett visuell identitet til dei, der berre den eksisterande logoen var igjen frå tidlegare profil.
Eit godt samarbeid startar gjerne over ein kopp kaffi. Ta kontakt, så finn vi ut av det saman.