Vann 50.000 kr på Bystien Førde Opp
Av Christian V. Hope, Ole Jonny Klopstad

Vookal arrangerte Bystien Førde Opp saman med Førde IL og sponsa hovudpremien på 50.000 kroner. Alle med startnummer var med i trekninga, og vinnaren vart Trond Aase.
Trekninga var på scena ved Sunnfjord rådhus laurdag 12. september. Trond gjekk Bystien saman med familien, men sidan den minste på to år ikkje ville gå heilt opp, snudde dei like forbi Vidsyn.
Det fortalde Trond i eit intervju med Firda (opnar i ny fane). Der sa han også at pengane kanskje blir til ein familietur til Bergen i haustferien.
Vookal sponsa premien
Vi ville at Bystien Førde Opp skulle vere eit løp for alle, og difor var hovudpremien ikkje knytt til plassering. Anten deltakarane sprang med tidtaking eller gjekk eit stykke utan, hadde dei same sjanse så lenge dei hadde startnummer.
Slik fekk mosjonistar og barnefamiliar like god grunn til å melde seg på som dei som sprang på tid. Og sidan ein måtte vere til stades for å vinne, vart folk verande i sentrum til premieutdelinga.

Om løpet
Bystien Førde Opp er motbakkeløpet opp Hafstadkleiva, arrangert første gong i 2012. Løypa er 3,4 kilometer og har 176 trappetrinn frå sentrum til toppen av Hafstadfjellet.
I arrangørsamarbeidet med Førde IL har Vookal ansvaret for konsept og program, sponsorarbeid, påmelding, nettsida fordeopp.no, sosiale medium og premiering. Sjå prosjektet Bystien Førde Opp.

Raskast opp
I løpet med tidtaking var Halfdan-Emil Færø raskast på 25:26, og Karoline Holsen Kyte var raskaste kvinne på 28:41. Begge sprang for Førde IL. Skulekonkurransen vann klasse 4B ved Slåtten skule, der 86,4 prosent av elevane var med. Alle resultata finn du på fordeopp.no (opnar i ny fane).
Takk til alle som var med
Takk til Førde IL, dei frivillige og alle som gjekk, sprang og heia. Takk også til generalsponsor SpareBank 1 Sogn og Fjordane og til sponsorane Enivest, Elvetorget, O. Drage Næringseigedom, Airlift, Intersport Førde, Norconsult, Veidekke, Møbelringen Førde, Scandic Sunnfjord Hotel, Naustdal Dampbakeri og Spenst Førde.
Vil du vite meir om korleis vi jobbar med arrangement, kan du lese artikkelen «Frå VM-feber til Bil i Førde».
Oppdatert
Skrive av

Christian V. Hope
Kommersiell leiar og rådgjevar

Ole Jonny Klopstad
Dagleg leiar


