Hopp til hovudinnhald
Alle prosjekt

Motbakkeløpet Bystien Førde Opp

3,4 kilometer og 176 trappetrinn frå Sentrum Sør til toppen av Hafstadfjellet. Bystien Førde Opp er ein folkefest for store og små, arrangert av VOOKAL i samarbeid med Førde IL. Vi står for alt frå konsept og påmelding til nettside og marknadsføring.

Kunde
Førde IL
Tenester
Grafisk design, Nettside, Sosiale medium, Marknadsføring
fordeopp.no på mobil

Om arrangementet

Bystien Førde Opp er motbakkeløpet opp Hafstadkleiva på Hafstadfjellet, 3,4 kilometer og 176 trappetrinn frå sentrum til topps. Løpet har vore arrangert sidan 2012 og samlar alt frå eliteløparar til familiar med barnevogn. Alle elevar i 1. til 10. klasse i Sunnfjord kommune får tilbod om gratis deltaking gjennom skuleprosjektet.

Vår rolle

VOOKAL arrangerer løpet i samarbeid med Førde IL. Det betyr at vi ikkje berre lagar kommunikasjonen, vi eig heile opplevinga: konsept og program, sponsorarbeid, påmelding og tidtaking, nettside, sosiale medium, skilting i løypa og premiering. Nettsida fordeopp.no er utvikla og drifta av oss, med påmelding, deltakarprisar, resultat tilbake til 2012 og oppdateringar undervegs.

Kvifor vi gjer det

Eit arrangement er den mest krevjande forma for kommunikasjon som finst. Alt må stemme samtidig: bodskapen, logistikken, sponsorane, frivillige, deltakarane og været. Erfaringa vi får som arrangør tek vi med oss inn i kvart einaste kundeprosjekt der noko skal skje i verkelegheita, ikkje berre på skjerm.

Neste løp går laurdag 12. september 2026 frå Sentrum Sør i Førde. Alle som kjøper startnummer er med i trekninga av 50 000 kroner.

Har du ein lur idé, eller treng du hjelp til å finne på noko lurt?

Eit godt samarbeid startar gjerne over ein kopp kaffi. Ta kontakt, så finn vi ut av det saman.

Ta kontakt med oss

Fleire prosjekt

Alle prosjekt