Hopp til hovudinnhald
Folka i Vookal

Ann-Sofi Hjelle

Grafisk designar

Portrett av Ann-Sofi Hjelle

Ann-Sofi er grafisk designar og lagar visuelle identitetar, logoar, trykksaker og profilering. Ho er nøyaktig i handverket og leiken i uttrykket, og likar å utfordre det tradisjonelle når oppgåva tillèt det.

Ho er utdanna ved Høyskolen Kristiania i Oslo og har vore i byrået sidan 2021, då det heitte Rein Design. Ho har mellom anna laga den komplette identiteten til Nordic Mining, med fargar, element, mønster og typografi, og profilen til Enforzo. Utover hausten jobbar ho med fleire spennande prosjekt.

Ann-Sofi er frå Nordfjordeid og jobbar frå kontoret i Førde. Ho er den i Vookal som kan mest om kaffi.

Kva kan vi få til saman?

Eit godt samarbeid startar gjerne over ein kopp kaffi. Ta kontakt, så finn vi ut av det saman.

Ta kontakt
Ann-Sofi Hjelle, Grafisk designar | Vookal