
Christian V. Hope
Kommersiell leiar og rådgjevar
Eit reklame- og kommunikasjonsbyrå etablert i Florø i 2001, med kontor i Førde, Florø og Oslo og kundar over heile landet.
I 2001 starta reklamebyrået Inform Media i Førde. 25 år, to namneskifte og ein fusjon seinare heiter vi Vookal, og vi har jobba breitt med kommunikasjon og kreativitet heile vegen. Digital marknadsføring er i dag den største delen av det vi gjer.
Vi har lang erfaring med nettstader, grafisk design, innhaldsproduksjon, digital marknadsføring og kurs. Dei siste åra har vi utvida med foto, video, PR og kommunikasjon, slik at du kan få alt frå same team.
Vi er seks, med ulik bakgrunn og ulike styrkar. Det gjer at vi kan ta ein jobb frå strategi og planlegging til ferdig produkt, utan å sende deg vidare til nokon andre.
Kvar verksemd er ulik, og vi lagar løysingar som passar den du er. Målet er at du skal få ein partner som bryr seg om resultatet, ikkje berre om leveransen.
Vil du sjå kva vi kan gjere for deg? Ring eller send ein e-post til den av oss du helst vil snakke med.
Vi er ein gjeng med lang erfaring og ungt pågangsmot. Ta gjerne kontakt direkte med den du vil snakke med.

Kommersiell leiar og rådgjevar

Kommunikasjonsrådgjevar & innhaldsprodusent

Grafisk designar

Senior designar

Dagleg leiar

Digital byråleiarI permisjon

Chief executive dog officer
Eit godt samarbeid startar gjerne over ein kopp kaffi. Ta kontakt, så finn vi ut av det saman.