Personvernerklæring
Her finn du korleis vi handsamar personopplysningar på vookal.no, kva informasjonskapslar vi brukar, og kva rettar du har.
Sist oppdatert 3. september 2026
Kven som er ansvarleg
VOOKAL AS, org.nr. 983 670 059 MVA, Hafstadvegen 21, 6800 Førde, er behandlingsansvarleg for personopplysningane som blir samla inn på denne nettstaden. Har du spørsmål om personvern, kan du kontakte oss på kontakt@vookal.no eller telefon 95 93 99 99.
Kontaktskjema og e-post
Når du brukar kontaktskjemaet, samlar vi inn namn, e-postadresse, telefonnummer og meldinga di. Verksemd og nettside er valfrie felt. Opplysningane blir sende som e-post til kontakt@vookal.no gjennom e-posttenesta Resend, og vi brukar dei berre til å svare på førespurnaden din og følgje opp eit eventuelt samarbeid.
Grunnlaget for behandlinga er at du sjølv tek kontakt og ber om svar (personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 bokstav b), og vår rettkomne interesse i å følgje opp førespurnader (bokstav f). Vi tek vare på førespurnaden så lenge det er nødvendig for å svare deg og følgje opp saka, og slettar han seinast eitt år etter siste kontakt, med mindre førespurnaden fører til eit kundeforhold.
Det same gjeld når du sender oss e-post direkte eller ringjer oss. Vi ber om at du ikkje sender sensitive opplysningar gjennom skjemaet eller på e-post.
Kundar og samarbeidspartnarar
Er du kunde eller kontaktperson hos ein kunde, lagrar vi kontaktopplysningane dine i kundesystemet vårt og i e-post for å kunne levere tenestene, sende faktura og halde kontakten. Grunnlaget er avtalen med deg eller verksemda di, og lovpålagt oppbevaring etter bokføringslova.
Statistikk, marknadsføring og informasjonskapslar
Nettstaden brukar Cookiebot til å hente inn og lagre samtykket ditt til informasjonskapslar. Nødvendige informasjonskapslar blir alltid sette. Informasjonskapslar til statistikk og marknadsføring, mellom anna Google Tag Manager og Google Analytics, blir berre sette dersom du samtykkjer i banneret. Utan samtykke sender vi ingen data til Google.
Vi brukar òg Vercel Speed Insights til å måle kor raskt sidene lastar. Denne målinga brukar ikkje informasjonskapslar og lagrar ikkje IP-adressa di.
Du kan når som helst endre eller trekkje tilbake samtykket ditt:
Drift og tryggleik
Nettstaden blir drifta på Vercel, og innhaldet blir lagra i Sanity. Ved besøk blir IP-adresse, tidspunkt og kva side du besøkjer, logga i ein kort periode for å halde nettstaden trygg og stabil. Grunnlaget er vår rettkomne interesse i å sikre drifta.
Opplysningar om tilsette
På nettstaden viser vi namn, stilling, bilete, e-post og telefonnummer til dei tilsette i VOOKAL. Dette gjer vi for at du enkelt skal kunne kontakte rett person, og er basert på avtale med kvar enkelt tilsett.
Kven vi deler opplysningar med
Vi sel aldri personopplysningar. Vi brukar desse leverandørane som databehandlarar for å drifte nettstaden og svare deg:
- Vercel Inc. (drift av nettstaden og målingar av ytelse)
- Sanity AS (publiseringsløysing for innhaldet på nettstaden)
- Resend Inc. (utsending av e-post frå kontaktskjemaet)
- Cybot A/S, Cookiebot (handtering av samtykke)
- Google Ireland Ltd. (statistikk og marknadsføring, berre ved samtykke)
Nokre av leverandørane har servarar utanfor EØS. Overføringa er sikra gjennom EU sine standardavtalar eller ved at leverandøren er sertifisert under EU-US Data Privacy Framework.
Rettane dine
Du har rett til å få innsyn i kva opplysningar vi har om deg, få retta feil, få opplysningane sletta, få avgrensa behandlinga, protestere mot behandlinga og få opplysningane utleverte i eit vanleg format (dataportabilitet). Har du gitt samtykke, kan du når som helst trekkje det tilbake.
Ta kontakt på kontakt@vookal.no for å bruke rettane dine. Vi svarar normalt innan 30 dagar. Meiner du at vi handsamar opplysningane dine i strid med regelverket, kan du klage til Datatilsynet.
Endringar
Vi kan oppdatere denne erklæringa når tenestene eller regelverket endrar seg. Datoen øvst på sida viser når ho sist vart endra.
Oversikt over informasjonskapslar
Lista under blir henta frå Cookiebot og viser kva informasjonskapslar nettstaden brukar akkurat no.