Hopp til hovudinnhald

Reklame- og kommunikasjonsbyrå i Florø

Kortreist kommunikasjon som skil seg ut

Vookal er eit reklame- og kommunikasjonsbyrå etablert i Florø i 2001, med kontor i Førde, Florø og Oslo. Kontoret i Markegata ligg midt i Florø sentrum. Herifrå er vi ekstern marknadsavdeling for Aerly, og vi var med å lage VM-feber i byen sommaren 2026.

Hand som held ein mobiltelefon med ein annonse laga av Vookal

Kontoret i Florø

Kontoret i Markegata 65 ligg midt i gågata. Stikk innom, eller ring Ole Jonny så avtaler vi eit møte.

Markegata 65, 6900 Florø (kart, opnar i ny fane)

Ope måndag til fredag, 08 til 16

Portrett av Ole Jonny Klopstad

Kontaktperson i Florø

Ole Jonny Klopstad

Dagleg leiar

Det vi hjelper deg med i Florø

Alt under same tak, kvar for seg eller saman.

  • Gullfarga logo for Sunnfjord Galla pressa inn i mørkt papir

    Design

    Visuelle identitetar, logoar og trykksaker som fungerer på alle flater.

  • Tre mobiltelefonar som viser homanagement.no: utleigeprisar, framsida med konsertbilete og lista over arrangement

    Nettside

    Nye nettsider og oppgraderingar, i WordPress eller koda frå grunnen.

  • Hand som held ein mobiltelefon med ein Instagram-annonse for Eiendomsmegler 1

    Marknadsføring

    Annonsering i sosiale medium og Google, nyheitsbrev og SEO.

  • Seks tilsette i Evoy i mørke dressar fotografert i ein verkstad

    Foto

    Portrett, produkt og arbeidsplass, fotografert i tråd med profilen din.

  • Ein kinosal der ein film for 45-minuttsregionen blir vist på lerretet

    Video

    Bedriftsvideoar, produktvideoar og innhald til sosiale medium.

Prosjekt frå Kinn og kysten

Alle prosjekt

Reklamebyrå eller kommunikasjonsbyrå?

Eit reklamebyrå lagar annonsar, kampanjar, skilt og trykksaker som skal selje og synast. Eit kommunikasjonsbyrå jobbar med bodskapen bak: strategi, PR, tekst og korleis verksemda snakkar med folk over tid.

Vookal er begge delar. Vi lagar reklamen, og vi hjelper deg å finne ut kva du skal seie og til kven. Difor kallar vi oss reklame- og kommunikasjonsbyrå, og difor treng du berre eitt byrå.

Spørsmål og svar

Kvifor eit byrå i Florø?

  • Vi kjenner Florø og kysten, frå basen på Fjord Base til butikkane i sentrum.

  • Vi er med på det som skjer i byen, frå Våt Moro og Sildebordet til fotballfest på storskjerm.

  • Du møter oss ansikt til ansikt, same dag om det hastar.

Kva kan vi få til saman i Florø?

Ta kontakt med Ole Jonny så set vi opp eit uforpliktande møte.

Ta kontakt