Hopp til hovudinnhald
Alle prosjekt

Sparringspartnar for nettbutikk, katalogannonsering og søk

Harmonia i Florø sel gåver, kle og interiør i fysisk butikk og på nett. Vi hjelper dei med nettbutikken, annonser og søk, og utviklar det som trengst i Retailhub-plattforma. No har harmoniainterior.no fått bedre struktur i menyen og eit lettare uttrykk.

Kunde
Harmonia
Tenester
Nettside, Marknadsføring
harmoniainterior.no på datamaskin og mobil

Utfordringa

Når ein sel alt frå babyklede til kjøkkenutstyr blir det fort mykje å leite i. Menyen må gjere det lett å finne fram, annonsane må vise rett vare, og butikken må dukke opp når folk søkjer.

Det vi gjorde

Hausten 2026 fekk harmoniainterior.no (opnar i ny fane) ny meny og eit lettare uttrykk. Held du peikaren over ein kategori ser du heile utvalet med ein gong. Under Barn ligg babyklede, barneklede, sko, leiker og utstyr side om side.

Den nye menyen på harmoniainterior.no, med undermenyen for Barn i kolonnar.
Den nye menyen på harmoniainterior.no, med undermenyen for Barn i kolonnar.

På mobil er menyen like enkel. Kategoriane ligg under kvarandre og du opnar dei med eitt trykk.

Mobilmenyen på harmoniainterior.no.
Mobilmenyen på harmoniainterior.no.

Kategorisidene har også fått ny form. På Barn ligg undergruppene som knappar øvst på sida, og rett under kan du sortere på storleik, pris, kjønn og alder.

Barn-sida på harmoniainterior.no, med undergrupper og filter øvst.
Barn-sida på harmoniainterior.no, med undergrupper og filter øvst.

Under Merker ligg alle produsentane i ei alfabetisk liste, så det er lett å gå rett til favorittmerket.

Merker-sida på harmoniainterior.no, med alle produsentane i alfabetisk rekkjefølgje.
Merker-sida på harmoniainterior.no, med alle produsentane i alfabetisk rekkjefølgje.

Meir enn ein ny meny

Redesignet er berre ein del av jobben. Vi følger Harmonia heile vegen:

  • Annonsar: vi hjelper til med kva varer som skal fram i Google, Snapchat og Meta.
  • Snapchat: vi har gitt Harmonia råd om bruken av Snapchat.
  • Søk: vi passar på at butikken blir funnen når folk søker.
  • Nettbutikken: vi går gjennom sidene og kampanjane saman med Harmonia.
  • Utvikling: treng Harmonia noko nytt i nettbutikken, kodar vi det sjølve i Retailhub.

Slik samarbeider vi

Harmonia lagar innhaldet, og Retailhub står for plattforma. Vi held i trådane, kjem med forslag og sørger for at det blir gjort. Med korte linjer kjem endringane raskt ut i dei ulike kanalane og i nettbutikken.

Resultatet

Nettbutikken er enklare å handle i uansett kva eining kunden brukar. Annonsane på Snapchat og Meta gir god avkastning, og Harmonia har eit lag rundt seg som ser annonsar, søk og butikk under eitt. Vookal er dessutan stolt Retailhub-partnar.

Og så må vi seie det: Det er kjekt å jobbe med Cecilie som verkeleg brenn for det ho driv med. Vi heiar på gründerar som henne. Harmonia vart kåra til Gasellebedrift av Dagens Næringsliv i 2023, og Cecilie var finalist i HER Awards 2026 i kategorien Årets lokale bedrift.

Involverte i prosjektet

Har du ein lur idé, eller treng du hjelp til å finne på noko lurt?

Eit godt samarbeid startar gjerne over ein kopp kaffi. Ta kontakt, så finn vi ut av det saman.

Ta kontakt med oss

Fleire prosjekt

Alle prosjekt