Hopp til hovudinnhald
Alle prosjekt

Standbooking i Nova Spektrum

Vookal har utvikla bookingløysinga for Global Aqua der arrangøren styrer stander, prisar og førespurnader sjølv. Utstillarane kan sjå Nova Spektrum i 3D, finne ein ledig stand, sjå prisen med ein gong og sende førespurnad.

Kunde
Global Aqua
Tenester
Nettside
booking.globalaqua.no på datamaskin og mobil, med hallkartet i 3D og 2D

Om kunden

Global Aqua er den nye internasjonale arenaen for akvakultur, 7. til 9. september 2027 på NOVA Spektrum i Lillestrøm. Tre hallar og eit uteområde skal fyllast med utstillarar frå heile verda. NPG Marketing (opnar i ny fane) står bak profilen til Global Aqua, og Vookal utviklar nettstaden og bookingløysinga som underleverandør for NPG.

Utfordringa

Å selje stander på ei stor messe er mykje manuelt arbeid. Utstillarane vil sjå kvar standen ligg, kor stor han er og kva han kostar, utan å vente på svar. Arrangøren vil ha oversikt over kva som er ledig, reservert og selt, og unngå at to får same stand. Og kartet skal kunne endre seg når arrangøren teiknar om hallane.

Det vi laga

Vi utvikla booking.globalaqua.no (opnar i ny fane), ei løysing der heile messeområdet er teikna opp slik arrangøren har planlagt det. Hallane kan sjåast i 3D eller som flatt kart, med søk, liste over ledige stander og filter per hall.

Ein ledig stand er vald i 3D-kartet. Panelet viser storleik og standtype, med knapp for å sende førespurnad.
Ein ledig stand er vald i 3D-kartet. Panelet viser storleik og standtype, med knapp for å sende førespurnad.

Trykker du på ein ledig stand, ser du storleik, standtype og pris med ein gong, og kan sende førespurnad direkte. Den som er først ute, får standen, og arrangøren godkjenner i eit eige salsverktøy. Der kan dei òg registrere sal tekne på telefon, dele ein stand i to, justere mål og setje prisane.

Hallkartet som flatt kart, med ledige, bookte og reserverte stander og fellesområda.
Hallkartet som flatt kart, med ledige, bookte og reserverte stander og fellesområda.

Kartet blir laga rett frå teikninga arrangøren lagar i AutoCAD. Kjem det ei ny teikning, blir kartet oppdatert utan at sal og reservasjonar går tapt. Kartet er òg integrert på globalaqua.no, og kan lastast ned som PDF.

Resultatet

Utstillarane finn og bookar stand sjølve, på norsk eller engelsk, på mobil eller datamaskin. Arrangøren har full oversikt og slepp å halde styr i rekneark, noko som forenklar salget for det internasjonale salgsteamet.

Løysinga bygger på det same rammeverket som vi laga for Bil i Førde, skalert for ei messe med hallar på 25 000 kvadratmeter.

Involverte i prosjektet

Har du ein lur idé, eller treng du hjelp til å finne på noko lurt?

Eit godt samarbeid startar gjerne over ein kopp kaffi. Ta kontakt, så finn vi ut av det saman.

Ta kontakt med oss

Fleire prosjekt

Alle prosjekt