Hopp til hovudinnhald
Alle prosjekt

Kampanje for Nattope i Førde

Fredag 13. november er det Nattope i Førde. For handelsgruppa i FINS laga vi det visuelle uttrykket, annonser til avis, plakatar til butikkane og innhald til sosiale medium.

Kunde
FINS
Tenester
Grafisk design, Trykksaker, Sosiale medium, Marknadsføring
Nattope i Førde 2026: stjernehimmel og Nattope i oransje bokstavar, laga for sosiale medium

Om kunden

Handelsgruppa i Førde Industri og Næringssamskipnad (FINS) arrangerer Nattope i Førde saman med Alti Førde og Elvetorget. Fredag 13. november 2026 held butikkane ope om kvelden med tilbod, god stemning og trekning av premiar til ein samla verdi på over 200 000 kroner.

Utfordringa

Nattope skal samle heile Førde til handel på ein kveld. Då må bodskapen vere enkel: når er det, korleis blir du med og kvar leverer du kupongen din. Det same uttrykket må fungere på ein plakat i butikkvindauget, i ei lita avisannonse og i ei stories-rute på mobilen.

Det vi laga

Vi laga eit visuelt uttrykk som er lett å kjenne att same kvar du ser han. Ut frå det laga vi trykkannonser i fleire format, plakat i A3 til butikkane og innhald til Facebook og Instagram.

Avisannonse for Nattope i Førde 2026.
Avisannonse for Nattope i Førde 2026.

Slik fungerer Nattope

Kundane får ein bong for kvart kjøp over 100 kroner i butikkane som er med. Bongane leverer dei i boksane som er plasserte på Alti, Elvetorget og Extra Kronborg innan kl. 19.30.

Trekninga føregår kl. 21 på Torgplassen ved Elvetorget. Du må vere til stades for å vinne.

Resultatet

Kampanjen er ute i butikkane, i avisa og i sosiale medium fram mot 13. november. Meir om Nattope finn du på iforde.no/nattope (opnar i ny fane).

Har du ein lur idé, eller treng du hjelp til å finne på noko lurt?

Eit godt samarbeid startar gjerne over ein kopp kaffi. Ta kontakt, så finn vi ut av det saman.

Ta kontakt med oss

Fleire prosjekt

Alle prosjekt