Hopp til hovudinnhald
Alle prosjekt

Digital deltakarliste for Temposeminaret

Kven kjem på Temposeminaret i år? Vookal har laga ei digital deltakarliste der alle kan søke på namn, filtrere på verksemd og laste ned lista som PDF, både på mobil og pc.

Kunde
Temposeminaret
Tenester
Nettside
Deltakarlista til Temposeminaret på datamaskin og mobil

Om kunden

Temposeminaret har i 26 år vore eit inspirasjonsseminar for næringslivet på Vestlandet. I 2025 kom drygt 300 deltakarar. Årets seminar er fredag 30. oktober 2026 i Florø Kulturhus, med foredrag om dagen og Tempobanketten om kvelden.

Utfordringa

Ein stor del av verdien med eit seminar er folka du møter der. Mange vil vite kven som kjem før dei sjølve melder seg på, og kven dei bør snakke med i pausane. Ei vanleg liste på nettsida blir fort lang og tung å bla i når det er nærare 300 namn.

Det vi laga

Vi laga ei digital deltakarliste som ligg på temposeminaret.no (opnar i ny fane). Den er enkel å bruke. Du kan søkje på namn, filtrere på verksemd og laste ned lista som PDF, og på mobil blir lista vist som kort som er lette å lese.

Deltakarlista med søk, filter på verksemd og nedlasting som PDF. Namna er gøymde på biletet.
Deltakarlista med søk, filter på verksemd og nedlasting som PDF. Namna er gøymde på biletet.

Resultatet

Lista viser no 283 namn frå 56 verksemder, med 273 deltakarar og 10 foredragshaldarar og arrangør. Dei som vurderer å melde seg på ser kven dei kan møte, og dei som alt har meldt seg på kan planleggee kven dei vil snakke med.

Takk til Per Øyvind Helle i Temposeminaret for eit godt samarbeid med det digitale heilt sidan 2011.

Involverte i prosjektet

Har du ein lur idé, eller treng du hjelp til å finne på noko lurt?

Eit godt samarbeid startar gjerne over ein kopp kaffi. Ta kontakt, så finn vi ut av det saman.

Ta kontakt med oss

Fleire prosjekt

Alle prosjekt