Digital premietrekning for Bil i Førde
På Bil i Førde fekk alle besøkande eit gratis lodd på mobilen. Vookal utvikla heile premietrekninga, frå registreringa ved inngangen til trekninga på storskjermen, der vinnarnummeret vart tilfeldig valt.
- Kunde
- Bilgruppa i Førde
- Tenester
- Nettside, Marknadsføring

Om prosjektet
Bil i Førde samla bilforhandlarane i Førde i Førdehuset 10. og 11. oktober 2026. Vookal arrangerer den årlege messa saman med Bilgruppa i Førde.
I år var inngangen gratis, og begge dagane trekte vi premiar frå forhandlarar og sponsorar blant dei som hadde registrert seg med gratis lodd på mobilen.
Utfordringa
Ei trekning med hundrevis av deltakarar må vere rask å bli med i, rettferdig og trygg. Dei besøkande skulle sleppe å stå i kø i døra, barna skulle få vere med, og vi måtte vere sikre på at det var rett person som henta premien.
Det vi laga
Vi utvikla løysinga for premietrekninga sjølve, ein jobb som innebar:
- Besøkande skanna ein QR-kode med mobilen og skreiv inn namn og mobilnummer, så var dei med. Foreldre la til barn under 12 år, og kvart barn fekk sitt eige lodd.
- Loddnummeret kom opp med ein gong og vart lagra på telefonen, så ingen trong å ta vare på ein papirlapp.
- Trekninga vart gjort digitalt på ein storskjerm på messa. For kvar premie snurra vinnarnummeret fram med konfetti, og vinnaren vart ropt opp med namn.
- Vinnarane måtte vere i salen når trekninga gjekk føre seg.
- Alle opplysningane vart sletta sju dagar etter messa.



Skjermbileta er frå ein testversjon av løysinga med oppdikta namn.
Resultatet
Over dei to dagane vart det registrert 1 437 lodd, 305 av dei barnelodd, frå 1 082 ulike mobilnummer. Det vart trekt 22 premiar til ein samla verdi av om lag 67 000 kr, og rundt 250 besøkande melde seg heilt frivillig på nyheitsbrevet til Bil i Førde.

Etter messa samla vi tala i ein digital rapport til forhandlarane og sponsorane, som vart særs godt motteke.
Involverte i prosjektet

Christian V. Hope
Kommersiell leiar og rådgjevar

Ole Jonny Klopstad
Dagleg leiar
Har du ein lur idé, eller treng du hjelp til å finne på noko lurt?
Eit godt samarbeid startar gjerne over ein kopp kaffi. Ta kontakt, så finn vi ut av det saman.
Fleire prosjekt

FINS
Grafisk profil, nettside og promo for Servicekonferansen
- Nettside
- Logo
- Trykksaker
- Sosiale medium
- Identitet
