Hopp til hovudinnhald
Alle tenester

Design

God design er meir enn fint å sjå på. Han skal vere lett å forstå, lett å kjenne att og fungere på alle flater.

Gullfarga logo for Sunnfjord Galla pressa inn i mørkt papir
Logoutvikling for Sunnfjord Galla

Vi lagar logoar og visuelle identitetar, trykksaker, annonsar, skilting og profilering, frå det første visittkortet til ein komplett profil frå botnen av.

Utgangspunktet er alltid kven du skal nå og kva dei skal forstå. Så lagar vi eit uttrykk som held over tid, med reglar som gjer det enkelt å bruke rett, anten det er du eller vi som lagar neste annonse.

Designarane våre har lang erfaring og jobbar tett med dei som lagar nettsider, tekst og innhald hos oss, slik at profilen heng saman overalt.

Treng du ein profil som fungerer på alle flater?

Eit godt samarbeid startar gjerne over ein kopp kaffi. Ta kontakt, så finn vi ut av det saman.

Be om tilbod