logo
Tenester

Marknadsføring

Eigedomsmekling Sogn og Fjordane

Marknadsføring er mykje og spennet er stort. Det er sjeldan ei suksessoppskrift som fungerer for alle. Vi er opptekne av kva akkurat du treng for å nå dine mål.

Digital marknadsføring utviklar seg heile tida, og vi gjer det vi kan for å henge med i svingane. Sosiale medium, Google-universet, SEO og AI er berre noko av det vi er innom i løpet av ein arbeidsdag. Heldigvis synest vi det er kjekt å lære nye ting!

Visste du at 90% av nordmenn nyttar sosiale medium kvar veke, og at kvinner er meir aktive enn menn? Mange trur at Facebook er daud. Men det stemmer ikkje. Faktisk har 82% av nordmenn over 18 år konto (sjølv om dei kanskje ikkje vil innrømme det).

Du treng heldigvis ikkje halde styr på kven du treffer på kva plattform til ei kvar tid, det gjer vi for deg - og lagar innhald som treffer dei du vil nå.

Ekstern marknadsavdeling

Kva vil det seie å ha ei ekstern marknadsavdeling?

Ved å nytte eit byrå til å drifte marknadsføringa di, kan du heller bruke tida di på kjerneverksemda di og det du brenn for.

I dag driftar vi mellom anna sosiale medium-kontoar og køyrer kampanjar på Google Ads, Facebook, Instagram, Snapchat, LinkedIn og TikTok for alt frå små bedrifter til globale selskap.

Vi set oss grundig inn i din profil og tone of voice, lagar rutiner og publiseringsplan. Vi har ei analytisk tilnærming når vi køyrer resultatbaserte annonser. Ved hjelp av gode analyser kan vi kontinuerleg jobbe med å justere nøkkelord og målgruppe for å oppnå betre resultat og få fleire konverteringar.

Ofte stilte spørsmål

Er du klar for å få skikkeleg fart på den digitale marknadsføringa di?

Ta kontakt og be om tilbod