VM-feber i Florø: fotballsommaren på storskjerm
Sommaren 2026 samla Florø seg framfor storskjermen. Vookal var med å arrangere Fotballfesten til H.O Management, og VM-visning under Våt Moro. Vi leverte konsept, marknadsføring og materiell frå idé til kampstart.
- Kunde
- H.O Management, Våt Moro
- Tenester
- Marknadsføring, Sosiale medium, Grafisk design, Trykksaker, Film

Ein sommar med fotball i sentrum
Når fotball-VM går av stabelen midt i fellesferien, vil folk sjå kampane saman. Sommaren 2026 fekk Florø sin eigen VM-fest i sentrum, og under Våt Moro vart kampane viste på storskjerm med festivalstemning rundt. Vookal bidrog til at begge festane vart ein suksess.

Det vi gjorde
- Konsept og planlegging av sponsornivå saman med arrangørane.
- Marknadsføring før og under arrangementa: sosiale medium, annonsering og innhald som fekk folk til å kome.
- Klipp og motion design på introfilm med sponsorar
- Grafisk profil og materiell: plakatar, skilting, program og innhald til storskjermen mellom kampane.


Kvifor vi gjer slikt
Arrangement er kommunikasjon i praksis. Ein god folkefest byggjer byen, gjev samarbeidspartnarane synlegheit dei faktisk vil ha, og skaper innhald som lever vidare i kanalane lenge etter at siste kamp er blåst av. Vookal har arrangert i Sunnfjord og Florø i mange år, frå Bil i Førde til Bystien Førde Opp, og VM-festen føyer seg inn i rekkja.
Resultatet
Fulle benker framfor skjermen, ein sentrum som levde i fellesferien, og partnarar som fekk vise seg fram for folk i god stemning. Og ein sommar Florø kjem til å snakke om.
Fotballfesten er arrangert av H.O Management, som òg har fått ny profil og nettside frå Vookal. Les meir om H.O Management.
Involverte i prosjektet

Christian V. Hope
Kommersiell leiar og rådgjevar

Ole Jonny Klopstad
Dagleg leiar

Ann-Sofi Hjelle
Grafisk designar
Har du ein lur idé, eller treng du hjelp til å finne på noko lurt?
Eit godt samarbeid startar gjerne over ein kopp kaffi. Ta kontakt, så finn vi ut av det saman.
Fleire prosjekt

H.O Management
Visuell profil, nettside og sponsorpakkar for H.O Management
- Identitet
- Logo
- Nettside
- Grafisk design
- Trykksaker

Elvetorget
Førde Torg 30 år: jubileum for Elvetorget
- Grafisk design
- Trykksaker
- Sosiale medium
- Marknadsføring