Profil, nettside og sponsorpakkar for H.O Management
H.O Management arrangerer konsertar og festar i Florø og leiger ut lyd, lys og storskjerm. Vookal har laga profilen, trykt materiell og nettsida homanagemenet.no. Vi er også sparringspartnar på sponsorpakkane dei tilbyr i høve arrangementa sine.
- Kunde
- H.O Management
- Tenester
- Identitet, Logo, Nettside, Grafisk design, Trykksaker

Om kunden
H.O Management er arrangørselskapet til Sivert Orheim og Leander Høyvik i Florø. Dei står bak Fotballfesten, dei har henta artistar som Kjartan Lauritzen, Ravi og Kamelen til byen, og dei sto bak Palmekystfestivalen. I tillegg leiger dei ut lyd, lys, storskjerm og bord til andre som skal arrangere.
Utfordringa
Selskapet hadde vakse ut av å vere to namn og eit telefonnummer. Sponsorar, artistar og det offentlege skulle møte ein profesjonell aktør, og folk i Florø skulle finne neste arrangement og utleigeprisane på ein stad. Dei trong ein profil som tolte både konsertplakat og sponsoravtale, og ei nettside som var enkel å halde oppdatert sjølv.
Det vi gjorde
- Visuell identitet: logo, fargar, typografi og mønster som fungerer på alt frå roll-up til storskjerm.
- Nettsida homanagement.no (opnar i ny fane) bygd slik at Sivert og Leander enkelt kan oppdatere sida sjølve.
- Sparringspartnar på sponsorpakkar: nivå, innhald og presentasjon, slik at det er lett for potensielle sponsorar å seie ja.
- Design og trykksaker: roll-up, plakatar, skilting og materiell til arrangementa.

Profilen i bruk
Profilen har vore i bruk sidan 2024 og har blitt vidareutvikla med åra.

Før det hadde vi jobba med gutane på arrangement som Palmekystfestivalen der vi laga logo, identitet, nettstad og materiell til Florø sin største musikkfestival i 2023 og 2024.

Resultatet
H.O Management framstår som ein profesjonell totalleverandør av arrangement med ein profil som kjennest att på bilar, plakatar, roll-up, storskjerm og digitalt. Nettsida svarar på det folk lurer på, og sponsorpakkane dei presenterer har innhald det er lett å seie ja til.
Involverte i prosjektet

Christian V. Hope
Kommersiell leiar og rådgjevar

Ann-Sofi Hjelle
Grafisk designar

Ole Jonny Klopstad
Dagleg leiar
Har du ein lur idé, eller treng du hjelp til å finne på noko lurt?
Eit godt samarbeid startar gjerne over ein kopp kaffi. Ta kontakt, så finn vi ut av det saman.
Fleire prosjekt

Elvetorget
Førde Torg 30 år: jubileum for Elvetorget
- Grafisk design
- Trykksaker
- Sosiale medium
- Marknadsføring
