Hopp til hovudinnhald
Folka i Vookal

Ole Jonny Klopstad

Dagleg leiar

Portrett av Ole Jonny Klopstad

Ole Jonny er dagleg leiar i Vookal og har drive byrå i Sunnfjord i 25 år. Han har vore med på opp- og nedturane i bransjen, og det er han som held i budsjett, prisar og den daglege drifta.

Han er òg mannen bak alle arrangementa våre. Bil i Førde, Bystien Førde Opp og fotballfest på storskjerm i Florø er idear han har vore med på saman med samarbeidspartnarar i regionen.

Ole Jonny er frå Florø, bur i Naustdal og jobbar i Førde. Han seier sjeldan nei, og finn alltid ei løysing.

Fortel oss kva du vil få til

Eit godt samarbeid startar gjerne over ein kopp kaffi. Ta kontakt, så finn vi ut av det saman.

Ta kontakt