logo
Tenester

Nettside

Foto av Olden Active

Nettstaden er viktigare enn du trur.

I følge SSB surfar 9 av 10 nordmenn på nett, kvar einaste dag!
Det er difor viktig at nettstaden representerer deg, og kven du er.

Vi har laga nettstader i ei årrekke, og veit korleis marknaden har endra seg. Vi bygger sider frå ingenting og kodar dei opp sjølv, eller lagar enklare sider frå mal som du kan lære deg å endre utan hjelp. Samtidig, med dei rette grepa, kan vi sørge for at du kjem høgt opp i Google.

Har du nokon gong klikka deg vidare til side 2 i Google-søket? Nei, tenkte nok det.

Slik legg vi opp løpet

Prosessen frå start til slutt

Før vi kan begynne å snakke om kva vi skal bygge, er vi nødt til å vite kva du vil nettstaden skal gjere og kven vi skal nå.
  • 01 Kontakt oss
  • 02 Vi gjennomfører eit møte for å definere konsept, formål og idé
  • 03 Vi sender deg eit uforpliktande tilbod
  • 04Vi gjennomfører reasearch, konseptutvikling med enkle wireframes og lagar ein produksjonsplan med sidekart
  • 05 Saman oppsummerer vi konseptet og produksjonsplanen
  • 06 Vi set wireframes til liv i høgoppløyst design
  • 07 Saman avklarer vi designet
  • 08 Designet blir gjort om til kode
  • 09 Vi justerer basert på tilbakemeldingar
  • 10 Ferdigstilling. Nettsida er trygt plassert på server administrert og vedlikehalden av VOOKAL

Ofte stilte spørsmål

Klar for å få ei nettside som får konkurrentane til å klikke av misunning?

Be om tilbod