Hopp til hovudinnhald
Alle prosjekt

Frå innsikt til identitet

Utfordringa: Seniornett sin gamle profil var utdatert. Ho spegla ikkje lenger verdiane og visjonane til organisasjonen, og klarte ikkje å vise kor viktig arbeidet deira er i dagens digitale samfunn. Seniornett hjelper eldre å meistre teknologi, slik at dei kan delta aktivt i samfunnet utan å kjenne seg utrygge eller utanfor.

Kunde
Norwell
Tenester
Nettside, Foto, Grafisk design, Identitet, Sosiale medium

Vår tilnærming:
Vi starta med å dykke ned i kva Seniornett faktisk betyr for medlemmane sine – og for samfunnet. Vi kartla styrkar, svakheiter og moglegheiter, og fann kjernen i merkevara: Nærleik, tryggleik og glede.

  • Nærleik: Tilbod over heile landet, både fysisk og digitalt, med fokus på å sjå og møte medlemmane der dei er.
  • Tryggleik: Kunnskap, truverde og opplæring tilpassa den einskilde sitt behov.
  • Glede: Meistringskjensle og sosialt fellesskap som skaper livskvalitet.

Den nye identiteten:
Vi utvikla ein visuell profil som speglar denne varmen og tryggleiken.

  • Fargar: Ein palett som formidlar tillit, engasjement, visdom og glede.
  • Form: Eit grafisk symbol som kombinerer sirkel (fellesskap), snakkeboble (dialog) og ein spirande «S» (læring og utvikling).
  • Typografi: Vennleg, tydeleg og lett å lese.
  • Logo: Ei moderne tolking av den gamle, som bevarer historia men peikar framover.

Resultatet:
Seniornett fekk ein identitet som gjer dei meir synlege, relevante og lett gjenkjennelege – både for medlemmane og i møte med beslutningstakarar. Vi leverte òg presentasjonsmalar som kan brukast i alt frå stortingsmøte til lokale kurs, slik at bodskapen alltid kjem fram på ein heilskapleg og profesjonell måte.

Slagordet:
Saman for digital meistring – ei enkel setning som rommar heile målet og drivkrafta til organisasjonen.



Involverte i prosjektet

Har du ein lur idé, eller treng du hjelp til å finne på noko lurt?

Eit godt samarbeid startar gjerne over ein kopp kaffi. Ta kontakt, så finn vi ut av det saman.

Ta kontakt med oss

Fleire prosjekt

Alle prosjekt