Christian V. Hope
Kommersiell leiar og rådgjevar

Christian er kommersiell leiar og rådgjevar i Vookal, og jobbar med kundar over heile landet frå kontoret i Oslo. Han er den du snakkar med om kva Vookal kan gjere for verksemda di, og han følgjer deg frå første møte til leveransen er i mål.
Vegen inn i faget starta heime i Sunnfjord med læretid i avisproduksjon hos Firda Media. Sidan 2013 har han jobba i Oslo, først som designar i marknadsavdelinga til Handelshøyskolen BI, deretter i FOLL Reklamebyrå med nasjonale merkevarer. Etter FOLL gjekk han vidare til Gjerholm, før han var digitalrådgjevar i Mediebruket.
Han er utdanna front-end-utviklar med tillegg i maskinlæring, og er den i Vookal som bygger dei tekniske løysingane: nettstader, nettbutikkar og eigne verktøy for private og offentlege verksemder. Vookal.no er òg laga av han.
Christian kombinerer det kommersielle med det tekniske, og er difor ein god sparringspartnar når ein idé skal bli til noko som faktisk fungerer.