Hopp til hovudinnhald
Alle prosjekt

Grafisk profil, nettside og promo for Servicekonferansen

Servicekonferansen samlar næringslivet i Førde til fagdag og festkveld. For FINS har Vookal laga ny grafisk profil, nettsida skforde.no, promo i sosiale medium og akkrediteringskort.

Kunde
FINS
Tenester
Nettside, Logo, Trykksaker, Sosiale medium, Identitet
skforde.no på datamaskin og mobil

Om kunden

FINS står bak Servicekonferansen, ei årleg samling for alle som jobbar med service i Førde. Dagen er for leiarar, og kvelden er for dei tilsette. Til slutt blir det delt ut prisar til årets servicemedarbeidar, servicebedrift og ekstrahjelp.

Utfordringa

Konferansen trengde eit uttrykk som kunne brukast overalt, frå nettsida til namnelappane, og som gjorde det lett å vise kven som står på scena. Påmeldinga måtte vere enkel, både for den som melder på seg sjølv og for den som melder på heile laget.

Det vi gjorde

Vi laga ein ny grafisk profil med eit S-forma symbol og fargar i lilla og blått. Symbolet går igjen i alt vi har levert, frå logoen til bileta av foredragshaldarane.

Logoen til Servicekonferansen på lilla bakgrunn
Logoen til Servicekonferansen på lilla bakgrunn

Nettsida skforde.no (opnar i ny fane) samlar program, foredragshaldarar og påmelding på éin stad, og er like enkel å bruke på mobil.

Foredragshaldarane presenterte på skforde.no
Foredragshaldarane presenterte på skforde.no

I sosiale medium har kvar foredragshaldar fått sitt eige innlegg, og heile laget er samla på eitt felles bilete. Vi har òg laga akkrediteringskorta til konferansen.

Innlegg i sosiale medium for Servicekonferansen: Thor Jørgen Spurkeland, relasjonsleiingInnlegg i sosiale medium for Servicekonferansen: Leif Belsvik, resultatleiingInnlegg i sosiale medium for Servicekonferansen: Morten Brandt, salsleiingInnlegg i sosiale medium for Servicekonferansen: Rasmus Mo, korleis lukkastInnlegg i sosiale medium for Servicekonferansen: Nina Nakling, motivasjonsforedragFellesbilete med alle foredragshaldarane under slagordet Lukkast

Resultatet

Servicekonferansen har fått eit samla uttrykk som går igjen frå første innlegg i sosiale medium til akkrediteringskorta på sjølve dagen.

Har du ein lur idé, eller treng du hjelp til å finne på noko lurt?

Eit godt samarbeid startar gjerne over ein kopp kaffi. Ta kontakt, så finn vi ut av det saman.

Ta kontakt med oss

Fleire prosjekt

Alle prosjekt