Aerly: marknadsavdelinga til ei heil butikkjede
Vookal er marknadsavdelinga til Aerly, ei kjede med ni klesbutikkar over heile Vestland. Sidan 2023 har vi gjort alt av marknadsføring for butikkane, og vi tek oss av det tekniske i nettbutikken i samarbeid med nettbutikksjefen.
- Kunde
- Aerly
- Tenester
- Nettside, Innhaldsproduksjon, Sosiale medium, Foto, Marknadsføring, Ekstern marknadsavdeling

Om kunden
Aerly og Layer er ei kjede med ni klesbutikkar over heile Vestland, med kvalitetsklede og dei siste motetrendane. Butikkane er eigde av Bjørn Eliassen AS, og kjeda har i tillegg ein nettbutikk og ein kundeklubb. Sidan 2023 har Vookal vore den eksterne marknadsavdelinga deira.
Utfordringa
Ei butikkjede med fleire butikkar og ein nettbutikk treng jamn, samordna marknadsføring heile året: kampanjar, sosiale medium, annonsering, foto, nyheitsbrev og innhald til nettbutikken. Å ha ei eiga marknadsavdeling med all den kompetansen er dyrt for ei kjede av denne storleiken. Å kjøpe det stykkevis frå fleire leverandørar blir rotete.
Løysinga
Vookal er marknadsavdelinga til Aerly. Med Lene i spissen fekk vi på plass eit årshjul for innhald, og vi sørgjer for at det blir brukt. Vi planlegg og gjennomfører all marknadsføring for butikkane: kampanjar og sesongar, innhald og annonsering i sosiale medium, foto og film, trykt materiell i butikk, nyheitsbrev og kundeklubb. Alle butikkane får same bodskap til same tid, og vi kursar dei tilsette i korleis dei sjølve kan bidra i kanalane.
I tillegg tek vi oss av det tekniske i nettbutikken, i tett samarbeid med nettbutikksjefen hos Aerly. Dei eig sortiment, prisar og drift, vi sørgjer for at plattforma, integrasjonane og kampanjeflatene fungerer og utviklar seg i takt med behova. Vi kodar nye modular, landingssider og funksjonalitet etter behov, blant anna har vi utvikla saumlaus synkronisering mellom kundeklubben og nettbutikken.
Julebordsbilete frå vinkjellaren
I Vookal har vi variert kompetanse og spelar kvarandre gode. Då butikkane skulle ha nye bilete til julebordsesongen, kopla vi på fotograf. Fotograferinga hadde eit feststemt tema, og butikkane fekk låne baren og vinkjellaren på Comfort Hotel Victoria i Florø. Resultatet vart bilete som butikkane brukte gjennom heile sesongen, i sosiale medium, i nettbutikken og i butikk.


Slik fungerer det i praksis
- Fast kontaktperson og faste møte med kjedeleiinga og nettbutikksjefen.
- Årsplan med kampanjar og sesongar, brote ned til månad og veke.
- Eitt team som dekkjer strategi, innhald, design, foto, annonsering og teknikk.
- Rapportering på det som betyr noko: sal i butikk og i nettbutikken.
Resultatet
Aerly får ei marknadsavdeling som kan alt frå kampanjeidé til nettbutikkteknikk, utan å tilsetje nokon. Kjeda brukar tida si på butikk og kundar, vi tek resten.
Involverte i prosjektet

Karen Nilsen
Kommunikasjonsrådgjevar & innhaldsprodusent

Lene Ellingsund
Digital byråleiar

Ann-Sofi Hjelle
Grafisk designar

Christian V. Hope
Kommersiell leiar og rådgjevar
Har du ein lur idé, eller treng du hjelp til å finne på noko lurt?
Eit godt samarbeid startar gjerne over ein kopp kaffi. Ta kontakt, så finn vi ut av det saman.
Fleire prosjekt

H.O Management
Visuell profil, nettside og sponsorpakkar for H.O Management
- Identitet
- Logo
- Nettside
- Grafisk design
- Trykksaker

Elvetorget
Førde Torg 30 år: jubileum for Elvetorget
- Grafisk design
- Trykksaker
- Sosiale medium
- Marknadsføring