Førde Torg 30 år: jubileum for Elvetorget
Elvetorget består av Førde Torg og Elvegården. 11. og 12. september 2026 feirar dei Førde Torg 30 år, med marsipankake, ballongslepp, Bjørnis og knallgode tilbod i butikkane. VOOKAL har produsert alt materiell til jubileet, frå jubileumsmagasin til plakatar og innhald i sosiale medium.
- Kunde
- Elvetorget
- Tenester
- Grafisk design, Innholdsproduksjon, Trykksaker, Sosiale medium, Tekstarbeid

Om jubileet
Førde Torg opna i 1996 og har vore handlesenteret til Førde i 30 år. Elvetorget markerer jubileet fredag 11. og laurdag 12. september 2026 med marsipankake og kaffi, ballongslepp med premiar på Torgplassen, show med Bjørnis på Torgscena, aktivitetar for born og gode tilbod i butikkane begge dagar.
Vår rolle
VOOKAL har produsert alt materiell til jubileet. Kjernen er eit jubileumsmagasin (produsert tidlegare) som fortel historia om Førde Torg gjennom 30 år, med intervju, gamle og nye bilete og tidslinje. Rundt magasinet har vi laga eit heilskapleg uttrykk for feiringa: plakatar og skilting i senteret, annonsar, program og innhald til sosiale medium og nettside.
Alt heng saman visuelt, slik at jubileet er lett å kjenne att anten du møter det i ei Facebook-annonse, på ein plakat i rulletrappa eller i magasinet du får med heim.
Leveransen
- Jubileumsmagasin med historia om Førde Torg
- Plakatar, skilting og dekor i senteret
- Program og annonsar
- Innhald til sosiale medium og elvetorget.no
Resultatet
Eit jubileum som ser ut som éi feiring, ikkje fleire. Gratulerer med 30 år, Førde Torg!
Involverte i prosjektet

Ann-Sofi Hjelle
Grafisk designar

Christian V. Hope
Kommersiell leiar og rådgjevar
Har du ein lur idé, eller treng du hjelp til å finne på noko lurt?
Eit godt samarbeid startar gjerne over ein kopp kaffi. Ta kontakt, så finn vi ut av det saman.

