Hopp til hovudinnhald
Folka i Vookal

Kristin Gjelsvik

Senior designar

Portrett av Kristin Gjelsvik

Kristin er senior designar og har jobba med grafisk design sidan 1995. Ho har teft for det stilreine og ærlege designet, og går djupt inn i kvart prosjekt. Ingenting blir overlate til tilfeldigheitene.

Ho starta i Firda Media der ho var designar i 16 år, før ho gjekk vidare til FinDriv og Rein Design, som i 2022 vart Vookal. Ho har svennebrev i førtrykksfaget frå Grafisk Institutt i Oslo, og jobbar med visuelle identitetar, trykksaker, magasin og profilering. Ofte er ho den som held tråden i dei store designprosjekta hos Vookal.

Kristin held til på kontoret i Førde. Brom, hunden hennar, er med på jobb dei fleste dagar.

Fortel oss kva du vil få til

Eit godt samarbeid startar gjerne over ein kopp kaffi. Ta kontakt, så finn vi ut av det saman.

Ta kontakt