Hopp til hovudinnhald
All innsikt

Bil i Førde 10. og 11. oktober samlar bilbyen under eitt tak

biliforde.no vist i nettlesar og på mobil

Bil i Førde blir arrangert av kommunikasjonsbyrået Vookal i samarbeid med Bilgruppa i Førde. 10. og 11. oktober fyller vi Førdehuset med dei nyaste bilane, og difor slår ei felles messe ti separate kampanjar.

Laurdag 10. og søndag 11. oktober 2026 blir Førdehuset til Vestlandets mest inspirerande bilmesse. Forhandlarane i Førde viser fram dei nyaste modellane og den siste teknologien, publikum samanliknar på tvers, og alle med billett er med i trekninga av fine premiar. Gratis inngang, ope 11 til 16 begge dagar og gratis parkering.

Faksimile: biliforde.no
Faksimile: biliforde.no

Kvifor ei felles messe

Kvar bilforhandlar i Førde kunne ha køyrt si eiga kampanje. Det gjer dei òg, resten av året. Men éin gong i året er det lurare å samle kreftene. Publikum får sjå alt på ein stad, forhandlarane deler kostnadene på marknadsføringa, og messa blir ein ting folk snakkar om, ikkje ti annonsar dei scrollar forbi.

Det vi gjer som arrangør

  • Konsept og namn som held år etter år.
  • Nettsida biliforde.no med praktisk info og utstillarar, bygd for mobil.
  • Marknadsføring i sosiale medium og lokale kanalar, med felles bodskap og forhandlarane som avsendarar.
  • Visuelt uttrykk frå skilt i hallen til annonsar, så messa ser lik ut uansett kvar du møter henne.

Følg Bil i Førde på Facebook (opnar i ny fane) for siste nytt om utstillarar og program.

Oppdatert

Fortel oss kva du vil få til

Eit godt samarbeid startar gjerne over ein kopp kaffi. Ta kontakt, så finn vi ut av det saman.

Ta kontakt

Fleire artiklar

All innsikt
  • Trond Aase og familien med premiesjekken på 50.000 kroner frå Vookal

    Vann 50.000 kr på Bystien Førde Opp

    Vookal arrangerte Bystien Førde Opp saman med Førde IL og sponsa hovudpremien på 50.000 kroner. Alle med startnummer var med i trekninga, og vinnaren vart Trond Aase.

  • Publikum i teltet ser Noreg mot England på storskjerm under VM-feber i Florø. Foto: Fanny Feragen Solheim

    Frå VM-feber til Bil i Førde

    Kvifor er eit kommunikasjonsbyrå med på messer, motbakkeløp, folkefestar og jubileum? Svaret er enkelt: arrangement er kommunikasjon i praksis. Her kan du lese kva Vookal gjer på eit arrangement og kvifor vi gjer det.

  • Titlar er gratis. Spør kva som ligg bak

    Når du kjøper nettside, design eller marknadsføring, bør du vite kven som faktisk gjer jobben og kva dei kan. Her er tre spørsmål du bør stille, og kva svara er hos oss i Vookal.