Titlar er gratis. Spør kva som ligg bak
Av Christian V. Hope

Når du kjøper nettside, design eller marknadsføring, bør du vite kven som faktisk gjer jobben og kva dei kan. Her er tre spørsmål du bør stille, og kva svara er hos oss i Vookal.
I bransjen vår finst det knapt beskytta titlar. Kven som helst kan kalle seg webutviklar, designar eller rådgjevar. Det er ofte ei styrke å lære seg ting sjølv. Mange av dei beste har gjort nettopp det. Men når du som kunde skal kjøpe ei nettside eller ein ny profil, har du krav på å vite kva som ligg bak tittelen.
Kvifor det betyr noko
Ei nettside som ser fin ut i demoen, men som er bygd utan forståing for yting, universell utforming og tryggleik, kostar deg dyrt seinare. Ein logo laga utan kunnskap om typografi og reproduksjon fungerer på skjerm, men ikkje på skiltet. Ein annonsekampanje utan forståing for måling brenn pengar utan at nokon merkar det.
Fagfolk gjer ikkje berre jobben. Dei veit kva som kan gå gale, og unngår det før det skjer.
Kva det betyr hos oss
I Vookal har kvar tittel dekning i ein kombinasjon av utdanning og lang, dokumentert erfaring.
Designarane våre Ann-Sofi og Kristin har designutdanning og mange år i faget, med alt frå visuelle identitetar til foliering, trykksaker og skilting. Dei har skarpe auger, veit kva som fungerer og er alltid opne for ei utfordring.
Lene og Karen, rådgjevarane våre innan kommunikasjon og digital marknadsføring, har høgare utdanning i marknadsføring og kommunikasjon, og har jobba med både små verksemder og globale selskap. Dei har lang erfaring med kva som fungerer i kva kanal, og held jamnleg kurs for bedrifter og offentleg sektor, til svært gode tilbakemeldingar.
Christian, vår kommersielle leiar og rådgjevar, er utdanna front-end-utviklar med tillegg innan maskinlæring, og har lang erfaring med design og rådgjeving. Når vi seier at vi utviklar nettstader, er det altså nokon som kan både design og programmering som gjer det. Vi kan òg vurdere kva KI-verktøy som er trygge å bruke i prosjektet ditt.
Og ikkje minst har Ole Jonny, vår daglege leiar, drive byrå i 25 år og er ein ekte kremmar når det kjem til kommunikasjon og arrangement i regionen vår.
Tre spørsmål du bør stille leverandøren din
- Kven skal faktisk gjere jobben, og kva bakgrunn har dei?
- Kan de vise meg noko liknande de har laga, og korleis det fungerer i dag?
- Kva skjer om noko går gale etter lansering, og kven fiksar det?
Får du gode svar, er du i trygge hender uansett kven du vel. Får du ikkje det, bør du spørje ein gong til.
Oppdatert
Skrive av

Christian V. Hope
Kommersiell leiar og rådgjevar


