KI-søppel overalt. Difor er di eiga stemme viktigare enn nokon gong
Av Karen Nilsen

Vi er ikkje dei einaste som har sett KI-plakatar og materiell over alt i det siste. På nett, på gata og i butikkar. Og vi byrjar å bli leie.
Faksimile frå NRK: Mener «KI-søppel» har overtatt Fisketorget i Bergen
Mykje av KI-innhaldet ser likt, flatt og masseprodusert ut. Det er vanskeleg å skilje kvar ein er, og kven som er avsendar. Oslo, Hardanger eller Loen? Kven veit.
I august skreiv NRK om Fisketorget i Bergen, der handskrivne skilt er bytte ut med KI-genererte bilete av troll, geiter, fjordar og vikingar. Ein forskar kalla det «KI-søppel», og Forbrukarrådet tok til orde for merking av genererte bilete. Turistane NRK snakka med reagerte på det same: det ser falskt ut, og norsk natur treng ikkje manipulerast.
Gjenkjenning, identitet og tillit
Vi tenkjer at god marknadsføring handlar om å byggje gjenkjenning, identitet og tillit over tid. Når alle har tilgang til dei same verktøya, blir det viktigare enn nokon gong å ta vare på det som faktisk skil oss frå kvarandre: eigne bilete, eige språk og ein tydeleg avsendar.
Eit ekte bilete frå Fisketorget, teke av ein fotograf som var der, fortel noko KI aldri kan fortelje: at dette er verkeleg, og at nokon står bak.
KI er eit verktøy, ikkje ei stemme
KI er eit fantastisk verktøy som må brukast riktig. Vi brukar det sjølve, til research, utkast og grovarbeid. Men verktøyet skal ikkje bestemme korleis du ser ut eller høyrest ut. Det skal du.
Tre spørsmål å stille før du trykkjer «generer»:
- Kunne dette biletet ha vore kven som helst sitt? Då er det truleg ikkje ditt.
- Finst det eit ekte bilete, ein ekte person eller ein ekte stad vi kan bruke i staden?
- Ville du ha merka det som KI-generert utan å skamme deg? Om ikkje, la det ligge.
Faksimile: NRK. Foto i faksimilen: Oskar Rennedal / NRK.
Oppdatert
Skrive av

Karen Nilsen
Kommunikasjonsrådgjevar & innhaldsprodusent


