Hopp til hovudinnhald
All innsikt

Komplett identitet for Nordic Mining

Av Ann-Sofi Hjelle, Karen Nilsen

Nordic Mining trengte ein ny grafisk profil. Vi har utvikla og levert ein komplett visuell identitet til dei, der berre den eksisterande logoen var igjen frå tidlegare profil.

Utfordringa

Nordic Mining driv fram ei moderne og innovativ mineralnæring, med både lokale og internasjonale målgrupper. Selskapet trengte ein grafisk profil som kunne bere den bodskapen på tvers av flater og marknader. Berre logoen skulle bli med vidare frå den gamle profilen.

Løysinga

Mykje research og innsikt ligg bak den nye identiteten. Saman med Nordic Mining kartla vi fem kjerneord som alt vidare design måtte svare på: innovative, seriøse, berekraftige, stødige og opne. Ut frå desse utvikla designaren vår Ann-Sofi ein ny fargepalett, designelement, mønster og font som selskapet kan kjenne seg att i og bruke på mange ulike måtar.

Ann-Sofi og Karen har saman med resten av teamet i Vookal gjort ein strålande jobb med å utvikle ny visuell profil for Nordic Mining! Vi har fått ei skikkeleg oppgradering samtidig som sjela i selskapet har blitt bevart. Vi ser fram til å ta profilen i bruk både lokalt og internasjonalt!

Tone Løtuft · Kommunikasjonsleiar, Nordic Mining

Resultatet

Nordic Mining har fått ein komplett visuell identitet som fungerer både lokalt og internasjonalt, og som tek vare på sjela i selskapet. Vi har blitt godt kjende med eit selskap som har mange omsyn å ta i kommunikasjonen sin, og det har vore spennande og utfordrande å gå i djupna av prosjektet.

Takk for eit spennande og kjekt prosjekt!

Oppdatert

Skrive av

Fortel oss kva du vil få til

Eit godt samarbeid startar gjerne over ein kopp kaffi. Ta kontakt, så finn vi ut av det saman.

Ta kontakt

Fleire artiklar

All innsikt
  • Publikum i teltet ser Noreg mot England på storskjerm under VM-feber i Florø. Foto: Fanny Feragen Solheim

    Frå VM-feber til Bil i Førde

    Kvifor er eit kommunikasjonsbyrå med på messer, motbakkeløp, folkefestar og jubileum? Svaret er enkelt: arrangement er kommunikasjon i praksis. Her kan du lese kva Vookal gjer på eit arrangement og kvifor vi gjer det.

  • Titlar er gratis. Spør kva som ligg bak

    Når du kjøper nettside, design eller marknadsføring, bør du vite kven som faktisk gjer jobben og kva dei kan. Her er tre spørsmål du bør stille, og kva svara er hos oss i Vookal.

  • ChatGPT. Foto: https://unsplash.com/@berctk

    Annonsar i ChatGPT er komne til Noreg. Bør du teste?

    OpenAI har opna for annonsering i ChatGPT i Noreg. Ideen er god: du kjøper ein kjøpssituasjon, i kjøparen sine eigne ord. Men prisen, målinga og kven som faktisk ser annonsane, gjer at vi rår til å gå varsamt fram.