Seniornett
Seniornett sin gamle profil var utdatert. Ho spegla ikkje lenger verdiane og visjonane til organisasjonen, og klarte ikkje å vise kor viktig arbeidet deira er i dagens digitale samfunn. Seniornett hjelper eldre å meistre teknologi, slik at dei kan delta aktivt i samfunnet utan å kjenne seg utrygge eller utanfor.
- Kunde
- Seniornett
- Tenester
- Identitet, Logo, Grafisk design

Vår tilnærming:
Vi starta med å dykke ned i kva Seniornett faktisk betyr for medlemmane sine – og for samfunnet. Vi kartla styrkar, svakheiter og moglegheiter, og fann kjernen i merkevara: Nærleik, tryggleik og glede.
- - Nærleik: Tilbod over heile landet, både fysisk og digitalt, med fokus på å sjå og møte medlemmane der dei er.
- - Tryggleik: Kunnskap, truverde og opplæring tilpassa den einskilde sitt behov.
- - Glede: Meistringskjensle og sosialt fellesskap som skaper livskvalitet.

Den nye identiteten:
Vi utvikla ein visuell profil som speglar denne varmen og tryggleiken.
- - Fargar: Ein palett som formidlar tillit, engasjement, visdom og glede.
- - Form: Eit grafisk symbol som kombinerer sirkel (fellesskap), snakkeboble (dialog) og ein spirande «S» (læring og utvikling).
- - Typografi: Vennleg, tydeleg og lett å lese.
- - Logo: Ei moderne tolking av den gamle, som bevarer historia men peikar framover.


Resultatet:
Seniornett fekk ein identitet som gjer dei meir synlege, relevante og lett gjenkjennelege – både for medlemmane og i møte med beslutningstakarar. Vi leverte òg presentasjonsmalar som kan brukast i alt frå stortingsmøte til lokale kurs, slik at bodskapen alltid kjem fram på ein heilskapleg og profesjonell måte.
Slagordet:
Saman for digital meistring – ei enkel setning som rommar heile målet og drivkrafta til organisasjonen.



Involverte i prosjektet

Ann-Sofi Hjelle
Grafisk designar

Christian V. Hope
Kommersiell leiar og rådgjevar
Har du ein lur idé, eller treng du hjelp til å finne på noko lurt?
Eit godt samarbeid startar gjerne over ein kopp kaffi. Ta kontakt, så finn vi ut av det saman.
Fleire prosjekt

H.O Management
Visuell profil, nettside og sponsorpakkar for H.O Management
- Identitet
- Logo
- Nettside
- Grafisk design
- Trykksaker

Elvetorget
Førde Torg 30 år: jubileum for Elvetorget
- Grafisk design
- Trykksaker
- Sosiale medium
- Marknadsføring