Hopp til hovudinnhald
Alle prosjekt

Visuell identitet, nettside og trykksaker

«Vakre Florø og omegn har alle forutsetningane for at dette skal vere verdas beste plass å bu på - det er berre ikkje alle som veit det endå. Det må vi gjere noko med. Slik oppstod prosjektet Flora U40 som vi gjorde for Aksello. Flora U40 er eit ungt nettverk som skal fremje trivsel og fellesskap.

Kunde
Aksello
Tenester
Grafisk design, Nettside, Trykksaker
totebag Flora u40

Det er klart at eit slikt prosjekt trengte ein ung, cool og hipp (for å seie det på gamlemåten) profil. Det fiksa Ann-Sofi. Her fekk ho moglegheita til å utfordre det tradisjonelle og lage noko litt annleis. Ho fekk utfolde sine kreative evner, og resultatet blei ein moderne, leiken og fargerik profil.





Designet er utradisjonelt med eit snev av retro-inspirerte former. Med ein så fargerik profil kan ein ikkje anna enn å få energi av å sjå på den.


I VOOKAL hyllar vi slike initiativ og er med som "støttesild". Karen sit i ressursgruppa, og hjelper til med nettstad, sosiale medium og arrangement.


Involverte i prosjektet

Har du ein lur idé, eller treng du hjelp til å finne på noko lurt?

Eit godt samarbeid startar gjerne over ein kopp kaffi. Ta kontakt, så finn vi ut av det saman.

Ta kontakt med oss

Fleire prosjekt

Alle prosjekt