Visuell identitet, årsmelding, sosiale medium og kommunikasjonsstrategi
Dramas er ei manus- og rettigheitsteneste for amatørteatergrupper, skular og kulturskular i heile Noreg. Dei har ein gigantisk manusbank med over 3 000 titlar, og blir drifta av midlar frå Kulturdirektoratet. Dramas formidlar også notar og musikk til ein del musikkteaterverk. Ein annleis og spennande kunde!
- Kunde
- Dramas
- Tenester
- Identitet, Sosiale medium, Kommunikasjonsstrategi

Dramas hadde behov for ein heilskapleg kommunikasjonsstrategi for å nå betre ut til målgruppene sine. Og ikkje minst – kartlegge kven som eigentleg var målgruppene deira. Kven skulle dei nå, kor, korleis og kvifor? Lene gjorde difor ei grundig undersøking og målgruppeanalyse, og sette opp ein komplett plan som inneheldt ein gjennomtenkt kanal- og innhaldsstrategi.
Deretter hjalp Ann-Sofi med utvikling av grafiske element og blant anna ein stor mengde med ikon. Ho har også stått for utforming av årsmeldinga til Dramas sidan 2022.






Involverte i prosjektet

Lene Ellingsund
Digital byråleiar (i permisjon)

Ann-Sofi Hjelle
Grafisk designar
Har du ein lur idé, eller treng du hjelp til å finne på noko lurt?
Eit godt samarbeid startar gjerne over ein kopp kaffi. Ta kontakt, så finn vi ut av det saman.

