Hopp til hovudinnhald
Alle prosjekt

New Energy Women: nettverk for kvinner i dei nye energinæringane

New Energy Women er nettverket for kvinner som jobbar med havvind, hydrogen og solenergi i Noreg. Nettstaden er laga av NPG Marketing, med implementeringshjelp frå VOOKAL.

Kunde
New Energy Women
Tenester
Nettside
Framsida til newenergywomen.no

Om New Energy Women

New Energy Women er ein nettverksarena for kvinner i Noreg som jobbar i dei nye energinæringane: havvind, grøn og blå hydrogen og solenergi. Nettverket er drive av Norwegian Offshore Wind, H2 Cluster, Energy Valley og Renewables Norway, og samlar alt frå gründerar til globale selskap, organisasjonar og offentlege aktørar til arrangement der nye idear og relasjonar blir til.

Nettstaden

newenergywomen.no (opnar i ny fane) presenterer dei tre energimarknadene, neste arrangement, partnarane og medlemmene sine eigne historier, og lèt interesserte melde seg på for å få invitasjonar. Nettstaden er engelskspråkleg, sidan nettverket samlar folk frå heile den internasjonale energibransjen.

Vår rolle

NPG Marketing har designa profilen og nettstaden. VOOKAL har bidrege med implementeringshjelp, slik at designet fungerer som det skal i publiseringsløysinga, på alle skjermstorleikar og med skjema og påmelding på plass. Det er same arbeidsdeling som i fleire andre prosjekt vi gjer saman med NPG: dei står for strategi og design, vi rådgir undervegs og sørger for at det blir bygd riktig, anten i WordPress eller frå botnen av i Next.js.

Resultatet

Ein nettstad som gir nettverket ein tydeleg heim mellom arrangementa, og som gjer det enkelt for nye medlemmer å finne fram og melde seg på. Takk til NPG Marketing og New Energy Women for samarbeidet!

Involverte i prosjektet

Har du ein lur idé, eller treng du hjelp til å finne på noko lurt?

Eit godt samarbeid startar gjerne over ein kopp kaffi. Ta kontakt, så finn vi ut av det saman.

Ta kontakt med oss

Fleire prosjekt

Alle prosjekt