Hopp til hovudinnhald
Alle prosjekt

Logo og zipperwall

Gull, glitter og glam stod på menyen til historia sin første Sunnfjordgalla! «Vi legg janteloven og “den trauste sunnfjordingen” igjen heime og viser stolt fram eit knippe av bautaene i Sunnfjord» stod det i innkallinga til gallaen. Klart at eit slikt arrangement måtte synleggjerast.

Kunde
Sunnfjord Galla
Tenester
Logo, Trykksaker
Logo til Sunnfjord Galla

Kristin fekk jobben med å lage logo, materiell, dekorelement og zipperwall i skikkeleg gallastil. I logoen blir dei fire elvane i Sunnfjord sitt kommunevåpen gjenspegla i dei fire L’ane. Til eit slikt høve måtte logoen vere i gull. Den ser luksuriøs ut, samstundes som den er enkel. Det blei også laga eit dekorelement for å forsterke logoen. Moodboardet til Kristin var fullt av champagne, høge hælar, gull, glitter, flotte kjolar og dyre slips denne veka.

Involverte i prosjektet

Har du ein lur idé, eller treng du hjelp til å finne på noko lurt?

Eit godt samarbeid startar gjerne over ein kopp kaffi. Ta kontakt, så finn vi ut av det saman.

Ta kontakt med oss

Fleire prosjekt

Alle prosjekt