Eit rettleiingsverktøy for Boots HomeCare
Boots HomeCare hjelper kundar med ulike diagnosar og behov. Vi har utvikla ei webbasert skjermløysing som støttar helsepersonellet i apoteket i den samtalen, utan å kome i vegen for henne.
- Kunde
- Boots HomeCare
- Tenester
- Grafisk design, Nettside

Utfordringa
Boots HomeCare hjelper kundar med ulike diagnosar og behov. Dette er tema som krev kunnskap, tid og ein god samtale. Boots ønskte eit verktøy som støttar helsepersonellet i apoteket i den samtalen, utan å kome i vegen for henne.
Løysinga
VOOKAL har utvikla ei webbasert skjermløysing som står i butikk, med eigne løp for ulike diagnosar, korte opplæringsvideoar og ei enkel samtalehjelp. Ingenting blir lagra sidan det er eit støtteverktøy og ikkje eit skjema. Løysinga er responsiv og kan brukast på alle einingar, anten det er storskjerm, nettbrett eller mobil.
Det viktigaste kravet var at løysinga skulle vere så lett og smidig at dei tilsette sjølve vel å bruke henne. Difor vart ho nøye brukartesta i apotek før lansering, og justert ut frå funna der.
Reint teknisk er den utvikla på Next.js, med Sanity som CMS der Boots sjølve kan gå inn og redigere innhaldet.
Løysinga er laga i samarbeid med CloudCast og Onitio, som leverer avspillar og skjerm.

Resultatet
Eit verktøy som gjer den vanskelege samtalen litt enklare, både for kunden og for personellet i apoteket. Takk til teama hos Boots Norge, CloudCast og Onitio for godt samarbeid. Vi ser fram til å vidareutvikle løysinga.
Involverte i prosjektet

Christian V. Hope
Kommersiell leiar og rådgjevar
Har du ein lur idé, eller treng du hjelp til å finne på noko lurt?
Eit godt samarbeid startar gjerne over ein kopp kaffi. Ta kontakt, så finn vi ut av det saman.
Fleire prosjekt

Elvetorget
Førde Torg 30 år: jubileum for Elvetorget
- Grafisk design
- Innholdsproduksjon
- Trykksaker
- Sosiale medium
- Tekstarbeid

Aerly
Aerly: marknadsavdelinga til ei heil butikkjede
- Nettside
- Innholdsproduksjon
- Sosiale medium
- Foto
- Marknadsføring
- Ekstern marknadsavdeling