Hopp til hovudinnhald
Alle prosjekt

Aerly & Layer - ekstern marknadsavdeling

Aerly & Layer har 9 butikkar fordelt over heile Vestland. Her sel dei det nyaste av kvalitetsklede og dei siste motetrendane. Sidan i 2023 har vi vore deira eksterne marknadsavdeling.

Kunde
Bjørn Eliassen AS
Tenester
Grafisk design, Marknadsføring, Trykksaker, Nettside, Foto
Festkledd bilde

Med Lene i spissen har vi fått på plass eit årshjul for innhald og syt for at det blir brukt og fungerer. Lene køyrer kampanjar gjennom heile året og sikrar ein felles marknadsføringsbodskap for alle butikkane. Ho kursar dei tilsette, lagar innhald til sosiale medium, oppdaterer nettstaden, driv kundeklubben - og mykje meir. Alt dei treng ei marknadsavdeling til, bidreg vi med.


I VOOKAL har vi variert kompetanse og vi spelar kvarandre gode. Då butikkane skulle ha nye bilete til julebordsesongen kopla vi på fotograf. Fotograferinga før jul hadde eit feststemt tema. Dei fekk låne baren og vinkjellaren på Comfort Hotel Victoria i Florø og restultatet blei nye, flotte bilete.

Involverte i prosjektet

Har du ein lur idé, eller treng du hjelp til å finne på noko lurt?

Eit godt samarbeid startar gjerne over ein kopp kaffi. Ta kontakt, så finn vi ut av det saman.

Ta kontakt med oss

Fleire prosjekt

Alle prosjekt