logo
Blogg

Rein Design har blitt VOOKAL

Bilde av Rein Design har blitt VOOKAL

Alle gode ting er tre: I 2001 starta reklamebyrået Inform Media i Førde. 21 år, eit namneskifte og to fusjonar seinare lev selskapet vidare, no under namnet VOOKAL

Årsaka til namneskiftet er enkel: I ei verd der alt endrar seg raskt, må også bedrifter henge med.


– Berre tre av ti nystarta bedrifter overlev dei første fem åra. Eg trur årsaka til at vi no går inn i vårt 21 driftsår, er at vi alltid har vore oppteken av å omstille oss, følgje med på kva marknaden etterspør og at vi alltid hentar inn kompetanse når vi ser eit felt der vi ikkje har det, seier Ole Jonny Klopstad.


GIRER OM – IGJEN


Klopstad har vore med heile vegen sidan start, og fortel at den omstillinga opp gjennom åra har omfatta nokre kraftige paradigmeskift.

– Våre første 10 år var vi Inform Media. Eit namn som også sa noko om kva vi dreiv med: Hovudfokuset var retta mot vårt eige magasinprodukt, Fylkesmagasinet, og tradisjonell produksjon og sal av annonser, i tillegg til andre reklamebyråtenester. Etterkvart vaks vi veldig, og fikk eit breiare produktspekter. Hovudproduktet der var grafisk design, difor endra vi i 2012 namn til Rein Design, seier hann.


STADIG MEIR DIGITAL


Ti år seinare har det meste endra seg igjen. Og spesielt har det vore ei utvikling mot meir og meir digitale tenester, både innan marknadsføring og ulike digitale verktøy.


– Vi starta ei målretta satsing på arrangement, digital marknadsføring, nettsider og sosiale medium i 2018. Blant anna gjennom å kjøpe selskapet Fin Driv same år. To år seinare såg vi at vi måtte styrke kompetansen enno meir på digital marknadsføring og nettsider, og fusjonerte difor med Avent Digital, samtidig som vi skilte ut arrangementsbiten til eit nystarta selskap.


– Det er også ei årsak til at vi no ønska å byte namn: kulturen og arven etter Inform Media og Rein Design ligg framleis i selskapet, men vi har også med oss arven og kulturen frå to andre selskap. Vi ønskjer å ta med oss dette, samtidig som vi skaper ein ny kultur, i eit selskap som på mange vis har blitt totalt fornya dei siste åra. Vi tek med oss det beste frå det gamle, og siktar mot framtida med ein herleg blanding av erfaring, kompetanse og ungt pågangsmot, smiler Klopstad.


KVIFOR VOOKAL?

Namnet er valt for å fungerer som eit overordna merkenamn, heller enn å henvise til dei ulike tenestene vi tilbyr.

– Vi ønska eit namn som kling godt, som er lett å huske, som ikkje er avhengig av verken målform eller språk, og som ikkje fortel om produkta vi tilbyr. Slik sett tenker vi litt som store selskap: Namnet speglar ikkje kva vi gjer, det er eit brand som vi sjølv må være flinke til å fylle med innhald. Vi ønskjer ikkje å knytte namnet opp mot eit tenesteområde som før, blant anna fordi dette endrar seg så raskt. Og så speglar det at tenestene våre ikkje er stadbundne som før. Digital markandsføring, grafisk design, nettsider, digitale verktøy og så vidare kan med dagens teknologi leverast over heile landet, og utanfor også for den del, seier han.


– KVA GJER VOOKAL?


Det korte svaret er at Vookal er eit fullblods kommunikasjonshus, som tilbyr dei fleste tenester du kan tenke deg innan marknadsføring, design, kommunikasjon og profilering.


– Vi skal framleis levere grafisk design, digital marknadsføring, nettsideløysingar og ei lang rekke andre tenester. Eit av dei raskast veksande felta vi jobbar med er faktisk frosta folie til kontorlokaler og folie til bilar. Der hadde vi stor vekst i fjor, med blant anna leveransar til Norec, Åsen & Øvrelid, Bilhuset Førde og Advokatfirmaet Tollefsen, seier han og held fram.

– Det er eit godt døme på framtida: Ein treng både digital kompetanse, og så er det framleis behov for hender som kan montere, bygge og skape ting, seier han og held fram.

– Vi har kjernekompetanse på mange ulike område: Tekst, design, sal, digital marknadsføring, programering og utvikling. Når du set dette saman i eit team, så får du eit slagkraftig kommunikasjonshus, som kan levere alle tenestene lokalt næringsliv treng, anten det er ein ny grafisk profil, ei nettside, eit visittkort eller dei treng frosting av vindauge på det nye kontoret sitt, seier Klopstad.


DIN DIGITALE PROBLEMLØYSAR


– I Vookal likar vi å tenke på oss sjølv som ein problemløysar, og ein vegvisar gjennom den digitale kvardagen. Vi elskar utfordringar, og å løyse problem for våre kundar. Difor legg vi mykje ressursar i å halde oss fagleg oppdatert på den digitale utviklinga, og kva verktøy som finnast der ute, seier Allan Madsen, medeigar i Rein Design.


– Når du kontaktar oss, til dømes for å få ei ny nettside, så kan vi levere eit komplett digitalt arbeidsverktøy til deg: Ei nettside som fungerer som den skal, gode digitale verktøy som gjer kvardagen enklare, anten det er chatfunksjonar, skjema, nettbutikk osv, på ei side som er søkemotoroptimalisert og kopla opp mot digitale annonseverktøy.


– Om du har behov for tenester innan kommunikasjon, anten den er digital eller trykt, nettsider, marknadsføring, profilartiklar, etc, så er det berre å ta kontakt. Så skal vi finne ei løysing som høver for deg.


Portrettbilde av Ann-Sofi Hjelle

Publisert for over to år sidan av

ANN-SOFI HJELLE

|

Grafisk designar

Les meir om Ann-Sofi

Kategori: Nytt