Hopp til hovudinnhald
All innsikt

No er Førdepatrioten lansert

Av Lene Ellingsund

I dag lanserer vi den digitale Førdepatrioten, som er eit kjekt samarbeid mellom VOOKAL og Førde Fotball. Førde Stadion er den fysiske heimen til Førde Fotball, der vi kjempar om poeng. Fordepatrioten.no blir den digitale arenaen, der vi skal kjempe om Førde-hjarter, spreie entusiasme og dele dei gode historiene om mangt og mykje.

– Førdepatrioten har i ei årrekkje vore Førde Fotball sitt sponsormagasin. Her har vi delt historier, både om fotballen og våre støttespelarar. No blir fordepatrioten.no (opnar i ny fane) eit nettmagasin, som skal modernisere kommunikasjonen vår ut mot publikum. Vår digitale heimebane, som skal spreie det gode bodskap om Førde Fotball og deira samarbeidspartnarar, seier Per Øyvind Storevik, dagleg leiar i Førde Idrettslag.


Ein må kommunisere godt digitalt i dag


– Førdepatrioten som papirmagasin har vore eit godt samarbeid mellom Førde Fotball og deira sponsorar, men no er tida er kommen for å tenke nytt. Den digitale kvardagen grip stadig meir om seg, og det er viktig å henge med. Førde Fotball og VOOKAL har i fellesskap komme fram til at tida er moden for å digitalisere meir av kommunikasjonsflyten frå Førde Fotball ut mot publikum og sponsorar. Fordepatrioten.no blir ei digital nettavis for fotballen, sponsorar og samarbeidspartar, med artiklar, videoar og informasjon. Vi bygger ein SoMe-fauna rundt, som skal bidra med å bygge merkevara Førde Fotball, seier Ole Jonny Klopstad, dagleg leiar i VOOKAL.


– Vi må vere der publikum er


Lene Ellingsund er digital byråleiar i VOOKAL. Ho har ein master i digital marknadsføring og analyse, og jobbar dagleg med digital kommunikasjon.


– Det er viktig å oppsøke ditt publikum der dei er. I dag er så godt som alle, både eldre og yngre, til stades i ulike sosiale medium. Kva kanalar som er rett å bruke varierer ut frå kva målgruppe du skal nå. Til dømes brukar flest vaksne Facebook, dei yngre finn du gjerne på TikTok og Snapchat, seier Lene og held fram.


– Det er stor konkurranse om merksemda til brukarar i sosiale medium. For å skilje seg ut må ein målrette bodskapane sine mot konkrete målgrupper. Sidan Førde Fotball ønskjer å nå både dei yngste og dei eldste patriotane, vil dei bruke ulike sosiale medium, med innhald og bodskap tilpassa ulike målgrupper. På sikt er målet å digitalisere det meste av informasjonsflyten deira ut til publikum. Til dømes i form av QR-koder som sender deg til eit digitalt kampprogram, med videointervju med trenar/spelarar osv.


– Vi ser alltid framover


Målet til fordepatrioten.no er å styrke merkevara Førde Fotball, og skape moglegheiter for større sponsorinntekter.


– Som klubb ønskjer vi å alltid sjå på kvar vi kan bli betre. I dag skjer det meste av informasjonsflyt digitalt. Ved å styrke oss på digital kommunikasjon, håpar vi å kunne bli i stand til å gi enno meir tilbake til våre sponsorar og støttespelarar, året rundt. Førdepatrioten kom på papir to gongar i året, no kan vi spreie gode historier året rundt om vi ønskjer det. Då er vi alltid er på ballen. Det gir både oss og våre samarbeidspartar store moglegheiter framover, seier Arild Sandvoll, styreleiar i Førde Fotball.

– Vi snakkar mykje om sponsorar og fotball generelt. Men ein viktig ting med Førdepatrioten er også å bygge patriotisme rundt fotballen og ikkje minst byen. Ein informativ nettside, der ein spreier glede, patriotisme og gode saker om næringslivet og fotballen gjennom ulike sosiale medium gjer oss meir synleg for folk flest. Vi må vere der publikum er. Og i dag er det i den digitale sfæren ein finn dei, avsluttar den patriotiske gjengen

Oppdatert

Skrive av

Kva kan vi få til saman?

Eit godt samarbeid startar gjerne over ein kopp kaffi. Ta kontakt, så finn vi ut av det saman.

Ta kontakt

Fleire artiklar

All innsikt
  • Komplett identitet for Nordic Mining

    Nordic Mining trengte ein ny grafisk profil. Vi har utvikla og levert ein komplett visuell identitet til dei, der berre den eksisterande logoen var igjen frå tidlegare profil.

  • Håvard Henriksen og Ole Jonny Klopstad

    Ole Jonny skal drive både Vookal og Natvik

    Ole Jonny gjekk måndag offisielt inn i rolla som dagleg leiar hos E. Natvik Prenteverk. Det er gjennom selskapet Atema som Ole Jonny driv at han har kjøpt seg inn på eigarsida av Natvik. Han skal fortsette som før, som dagleg leiar i Vookal. Håvard Henriksen i Natvik blir produksjonssjef og styreleiar for trykkeriet. Begge eig dei no 50% kvar av E. Natvik Prenteverk.

  • Spennande prosjekt for Kinn Kommune

    Saman med Photoevent har vi levert eit spennande prosjekt til Kinn kommune. Dei trengte å presentere kommunedelplanen sin samfunnsdel på ein forståeleg og lettfatteleg måte. Vi lagde difor to filmar og ein presentasjon – og fekk lære mykje om planane til Kinn kommune på vegen ✨