Hopp til hovudinnhald
All innsikt

Komplett identitet for Nordic Mining

Av Ann-Sofi Hjelle, Karen Nilsen

Nordic Mining trengte ein ny grafisk profil. Vi har utvikla og levert ein komplett visuell identitet til dei, der berre den eksisterande logoen var igjen frå tidlegare profil.

Mykje research og innsikt ligg bak den nye identiteten, som har blomstra ut til mellom anna ny og spennande fargepalett, designelement, mønster og font. Fem kjerneord blei kartlagt, og danna grunnlaget for det vidare arbeidet med profilen. Nordic Mining er både innovative, seriøse, berekraftige, stødige og opne – og den nye profilen måtte identifiserast med desse kjerneorda. Gjennom gode visuelle verkemiddel har vår designer Ann-Sofi laga ein profil som selskapet kan kjenne seg igjen i, og bruke på mange forskjellige måtar.



Ann-Sofi og Karen har saman med resten av teamet i VOOKAL gjort ein strålande jobb med å utvikle ny visuell profil for Nordic Mining! Vi har fått ei skikkeleg oppgradering samtidig som sjela i selskapet har blitt bevart. Vi ser fram til å ta profilen i bruk både lokalt og internasjonalt!

Tone Løtuft · Kommunikasjonsleiar, Nordic Mining


Vi har blitt godt kjent med selskapet som skal drive ei moderne og innovativ mineralnæring. Det har vore spennande og utfordrande å gå i djupna av prosjektet. Dei er både lokale og internasjonale – og har mange omsyn å ta i si kommunikasjon.


Takk for eit spennande og kjekt prosjekt!

Oppdatert

Skrive av

Kva kan vi få til saman?

Eit godt samarbeid startar gjerne over ein kopp kaffi. Ta kontakt, så finn vi ut av det saman.

Ta kontakt

Fleire artiklar

All innsikt
  • Håvard Henriksen og Ole Jonny Klopstad

    Ole Jonny skal drive både Vookal og Natvik

    Ole Jonny gjekk måndag offisielt inn i rolla som dagleg leiar hos E. Natvik Prenteverk. Det er gjennom selskapet Atema som Ole Jonny driv at han har kjøpt seg inn på eigarsida av Natvik. Han skal fortsette som før, som dagleg leiar i Vookal. Håvard Henriksen i Natvik blir produksjonssjef og styreleiar for trykkeriet. Begge eig dei no 50% kvar av E. Natvik Prenteverk.

  • Spennande prosjekt for Kinn Kommune

    Saman med Photoevent har vi levert eit spennande prosjekt til Kinn kommune. Dei trengte å presentere kommunedelplanen sin samfunnsdel på ein forståeleg og lettfatteleg måte. Vi lagde difor to filmar og ein presentasjon – og fekk lære mykje om planane til Kinn kommune på vegen ✨