Hopp til hovudinnhald
All innsikt

Då lysskilt blei startskotet for omprofilering

fossedal trafikkskule nettside

Frå nytt lysskilt på fasaden til ein brukarvennleg nettside – Fossedal Trafikkskule har fått ei totalpakke frå VOOKAL som gjer dei meir synlege både på vegen og på nettet. Med alt frå design og foto til marknadsføring samla på éin plass, har dei fått ein profil som fungerer i praksis og gjer inntrykk.

Framhevar spesielt nettsida som brukarvennleg og effektiv

– Vi har fått mange gode tilbakemeldingar på nettsida. Den er enkel å bruke, menyen fungerer godt, og den har gjort det lettare å få inn påmeldingar til kurs og skjema. Dei er blitt veldig oversiktlege, noko som gjer det lettare for kundane våre, fortel Anders Fossedal, leiar av Fossedal Trafikkskule.

Det å ha éin leverandør for alt av tenester har vore avgjerande for ein effektiv og god prosess rundt omprofileringa. Med design, foto, film, trykking og webutvikling samla på éin plass, har Anders fått færre utfordringar og ein sparringspartnar som leverer i tide.

– Vi har sloppe «for mange kokkar og for mykje søl». Det er veldig greitt å fortelje kva ein ser for seg, og få gode forslag som hjelper oss vidare. Godt med ein kreativ sparringspartnar, seier han med eit smil.

Skjermdump av fossedaltrafikkskule.no
Skjermdump av fossedaltrafikkskule.no



Lokal forankring har vore viktig

– Vi likar å bruke lokale leverandørar når vi kan. Samstundes er VOOKAL på nivå – om ikkje betre – enn landsdekkande aktørar som dagleg ringer for å selje seg inn, forklarar Anders. Resultatet er eit produkt som fungerer godt både visuelt og praktisk. Lysskiltet utanfor lokalet vart ein døropnar for prosjektet.

Ole Jonny kunne ikkje la det gå frå seg i stillheit, og selde samstundes inn ny logo. Når han var i gong blei det ei heil omprofilering. Logoen, bilane og det trykte materiell står no fram som ei heilskapleg eining som gjer Fossedal lett å kjenne att. – Skilta og bilane viser godt igjen og gjer oss meir synlege i kvardagen i bybildet.

Med ei totalpakke som dekker alt frå skisse til ferdig produkt, har Fossedal Trafikkskule fått ei løysing som er tilpassa behova deira.

Å ha ein komplett leverandør som kan fikse det meste, har vore ein kjempefordel. Vi har fått noko som ikkje berre fungerer kreativt, men også praktisk og strategisk.

Dette prosjektet syner verdien av å satse på kvalitet og lokal kompetanse for å løfte bedrifta til nye høgder.

Anders Fossedal · Dagleg leiar, Fossedal Trafikkskule



Anders Fossedal ved ein rollupVindusfolie på Fossedal Trafikkskule sitt kontor


Vi er veldig glad for å ha fått utfordra oss sjølv i ein så stor profileringsjobb. Å jobbe med mange forskjellige fagfelt og utnytte dei kreative tilsette er alltid kjekt.

Nettsida kan du sjå her. (opnar i ny fane)


Takk for oppdraget!

Oppdatert

Kva kan vi få til saman?

Eit godt samarbeid startar gjerne over ein kopp kaffi. Ta kontakt, så finn vi ut av det saman.

Ta kontakt

Fleire artiklar

All innsikt
  • Komplett identitet for Nordic Mining

    Nordic Mining trengte ein ny grafisk profil. Vi har utvikla og levert ein komplett visuell identitet til dei, der berre den eksisterande logoen var igjen frå tidlegare profil.

  • Håvard Henriksen og Ole Jonny Klopstad

    Ole Jonny skal drive både Vookal og Natvik

    Ole Jonny gjekk måndag offisielt inn i rolla som dagleg leiar hos E. Natvik Prenteverk. Det er gjennom selskapet Atema som Ole Jonny driv at han har kjøpt seg inn på eigarsida av Natvik. Han skal fortsette som før, som dagleg leiar i Vookal. Håvard Henriksen i Natvik blir produksjonssjef og styreleiar for trykkeriet. Begge eig dei no 50% kvar av E. Natvik Prenteverk.