Hopp til hovudinnhald
All innsikt

Ein kulturmiljøplan folk faktisk vil lese

Av Karen Nilsen

Det stod ikkje på lovorda når Kulturmiljøplanen for Sunnfjord 2023-2030 vart ferdig handsama i kommunestyret.

Vi er så stolte over vår senior grafisk designar Kristin som har utforma og designa planen. Saman med forfattar Janne Karin i Svidal Skriveri har dei levert ein fantastisk jobb. - Dette var det kjekkaste oppdraget det året, og no er han endeleg godkjend. Kulturmiljøplanen er no klar til trykking slik at den kan delast ut. - Det er fantastisk å samarbeide med Janne Karin, vi har god kjemi og ei felles forståing, fortel Kristin.


«Landet mellom elvane» er ikkje berre ein kommunal plan. Den er mykje meir. Planen fortel ei viktig og ekte historie om våre forfedrar som gjorde jobben, slik at vi kan ha det så godt som vi har det i dag. Den er solid og skikkeleg, samtidig som den er levande og spennande. Planen gir eit perspektiv på livet, og minner oss på å nytte tida vår godt. – Det har vore mange vanskelege val i arbeidet med planen, men eg trur vi har landa på ein forståeleg raud tråd gjennom heile, fortel Janne Karin.


Vi skjønar godt om du har lyst å lese Kulturmiljøplanen over alle kulturmiljøplanar. Du finn den her: Kulturmiljøplan 2023 - 2030. (opnar i ny fane) Om du ikkje er heilt overtydd endå kan vi godt sitere kommunalsjef Terje Heggheim:


«Eg har etter kvart arbeidd mange år i offentleg sektor. Både i stat og kommune. I løpet av desse åra har eg vore med på å lage, og ikkje minst lese mange planar. Nokre les du med større interesse enn andre. Nokre er lettare å lese enn andre. No har Sunnfjord kommune ein spennande plan ute på høyring. Kulturmiljøplanen for Sunnfjord. Ein heilt spesiell plan. Eg har ikkje sett noko liknande før. Planen sin stil og form, i kombinasjon med ein lettfatteleg og nesten syngande tekst, inviterer deg beint fram til å halde fram med lesinga. På toppen av det - er den krydra med nokre råflotte bilete frå kommunen. I sum vert der rett og slett ein vakker plan. Eg har liksom ikkje vore budd på å omtale ein kommunal plan på ein slik måte!»


Med slike ord frå kommunalsjef Terje Heggheim seier det seg sjølv at vi er utruleg stolte av dette produktet. Kanskje det er andre kommunar som vil ha ein like fin plan, ja då er det berre å ta kontakt, vi er vi klar :-)

Oppdatert

Skrive av

Kva kan vi få til saman?

Eit godt samarbeid startar gjerne over ein kopp kaffi. Ta kontakt, så finn vi ut av det saman.

Ta kontakt

Fleire artiklar

All innsikt
  • Komplett identitet for Nordic Mining

    Nordic Mining trengte ein ny grafisk profil. Vi har utvikla og levert ein komplett visuell identitet til dei, der berre den eksisterande logoen var igjen frå tidlegare profil.

  • Håvard Henriksen og Ole Jonny Klopstad

    Ole Jonny skal drive både Vookal og Natvik

    Ole Jonny gjekk måndag offisielt inn i rolla som dagleg leiar hos E. Natvik Prenteverk. Det er gjennom selskapet Atema som Ole Jonny driv at han har kjøpt seg inn på eigarsida av Natvik. Han skal fortsette som før, som dagleg leiar i Vookal. Håvard Henriksen i Natvik blir produksjonssjef og styreleiar for trykkeriet. Begge eig dei no 50% kvar av E. Natvik Prenteverk.