Når ei dør blir stengd, opnar det seg ei anna

Når du har gode folk i arbeid, er det alltid ein fare for at andre får lyst å tilsette dei: Vår tekstforfattar Roy Sunde har takka ja til ny jobb som journalist i Firda.
– VOOKAL har vore hjartebarnet mitt i 20 år, der eg hatt gleda av kjekke, utfordrande og spennande dagar saman med fantastiske kollegaer. Eg har gleda meg til å gå på jobb kvar dag, utan tanke på å søke jobb nokon anna stad. Men av og til gir livet deg spennande val, når du minst ventar det. Så når redaktør Kai Aage Pedersen tok kontakt, og ikkje minst når han beskreiv jobben han ønska å tilby meg, så freista det så mykje at eg valte å seie ja. Og med det er sirkelen slutta: Mine første journalistiske erfaringar fikk eg våren, sommaren og hausten 2002 i Firda. Det hadde eg praksistida min under journaliststudiet, etterfølgt av sommarjobb og eit vikariat på hausten, før eg gikk vidare. Eg gler meg til å ta fatt på eit nytt kapittel, samtidig som eg veit at VOOKAL går framtida trygt i møte, takka vere mine særs dyktige kollegaer der, seier Sunde.
– Det er ikkje kjekt å miste flinke folk, men det er ein del av røynda. Vi har gjennom 21 år nytt godt av dyktige menneske, som vi har sendt vidare til leiarstillingar og spennande jobbar i andre lokale bedrifter, seier Ole Jonny Klostad, dagleg leiar i VOOKAL.
– Det er både ei utfordring og ein muligheit. Alle bedrifter treng ein viss sirkulasjon, for å tilføre nye impulsar og kompetanse. Min filosofi er at når ein dør blir steng, så opnar det seg ei ny, og ein må finne løysingar. Vi har ressursar til å løyse dette internt i første omgang, og så skal vi bruke litt tid til å sjå kva vi gjer i neste omgang. Vi er alltid interessert i å komme i kontakt med spennande menneske, som om det er nokon der ute som føler seg like flinke som Roy, så er det berre å ta kontakt. Det er med vemod eg må ønskje Roy lykke til med ny jobb i Firda. Dei får ein kjemperessurs, og eg ser fram til å sjå sakene «på trykk», avsluttar Klopstad.
