logo
Blogg

VOOKAL satsar i Florø, og vi har flytta inn på Horne Brygge.

Bilde av VOOKAL satsar i Florø, og vi har flytta inn på Horne Brygge.

I forbindelse med det ønsker vi å invitere dykk på frukost med fagleg påfyll 18. april frå 08:15-09.30. Her skal vi snakke litt om kunstig intelligens og det som rører seg i den digitale kvardagen, og alt dette er sjølvsagt gratis.

08.15: kaffi og litt frokost


08:30: Introduksjon av Vookal

Vi begynner å bli mange tilsette. Kven er vi eigentleg? Vi har både gamle og nye ansikt, og her får du helse på dei!


08:35: Digitale trendar i 2024

Klarar vi å henge med? Korleis er det lurt å vere synleg på digitale flater i kvardagen og åra som kjem? Vi fortel litt om kva som blir viktig innan både sosiale medium, SEO/GOOGLE og nettside i år. Er Facebook eigentleg daud? Kom og finn ut!


08.50: Kom i gang med kunstig intelligens

Korleis kan KI gjere arbeidskvardagen din enklare? Kathe deler sine beste tips for å kome i gang med AI på ein enkel måte.


09.00: Let’s talk about tekst, baby!

Ein god tekst går aldri av moten. Det er viktig - uansett kva plattform ein brukar og målgruppe ein snakkar til. Kva er lurt å tenke på - både på nettstaden og i sosiale medium?


09.10: Emils beste fototips

Her får du 5 enkle råd for å ta proffe bilete med mobilen.


09.20: Vinn ein miniworkshop!

Blant deltakarbedriftene trekk vi ut ein heldig vinnar av ein miniworkshop med eitt av desse valfrie temaa:

- Kommunikasjonsstrategi

- Målgruppeanalyse

- Innhaldsstrategi


Premien har ein ca-verdi på 15 000 kroner.


Påmelding innan 15 april. Kl 15.00


Meld deg på her: Eg er med!

Portrettbilde av Emil Rasmussen

Publisert for 22 dagar sidan av

EMIL RASMUSSEN

|

Utviklar / fotograf

Les meir om Emil

Kategori: Nytt