logo
Blogg

Surfe på tilfeldigheiter

Bilde av Surfe på tilfeldigheiter

Vår nyaste tilsette har flest tatoveringar og nest lengst hår. Ikkje at det har noko å sei. Men uansett, hels på Emil Rasmussen.

Surfe på tilfeldigheiter


Vår nyaste tilsette har flest tatoveringar og nest lengst hår. Ikkje at det har noko å sei. Men uansett, hels på Emil Rasmussen.


Han er sikkert eit kjent fjes for fleire. Denne dyktige fotografen og digitale poteta er eit godt tilskot til gjengen vår. Han har kompetanse det er lenge sidan vi har hatt innomhus. I tillegg til å vere rådyktig bak både foto- og filmkamera er han digital utviklar. – Vi er veldig nøgd med å få Emil på laget. No kan vi i større grad levere ei totalpakke til kundane våre. Det er kortare veg frå idé til ferdig produkt, og eg vil sei at vi nærmar oss eit komplett kommunikasjonshus, fortel sjefen Ole Jonny Klopstad.

At Emil skulle hamne hos oss er som det meste i livet hans, heilt tilfeldig. 

 

Ein elgitar for eit kamera


Emil har snart jobba 11 år som yrkesfotograf. Dei siste 7 åra på fulltid, både som tilsett, freelancer og sjef i eiga bedrift. Samtidig har han jobba med andre digitale prosjekt innan film, webutvikling og design. At dette var retninga han skulle følge i livet var ikkje utpeikt frå starten. – Då eg var 18 år var det musikk som var livet. Ein av kompisane mine dreiv med foto, og eg bytta vekk ein elgitar mot eit kamera. Eg huskar ikkje heilt kvifor – det berre skjedde, fortel Emil. Og slik har det berre balla på seg. Han er 100% sjølvlært, og har fått kompetanse undervegs. For han har stien blitt til mens han går. - Eg ser potensiale i det meste, men er samtidig realist. Dette, kombinert med at eg er nysgjerrig, har interessa på plass og alltid jobbar etter forbetring gjer at eg kan alt eg kan i dag, fortel han. Emil beskriv seg sjølv som eit prakteksemplar på ein som har surfa på tilfeldigheiter. Han er ikkje redd for ei utfordring, og grip mogelegheitene som ligg føre seg.


Frå We Are til Vookal


Dei siste åra har Emil vore dagleg leiar i sitt eige medieselskap, We Are. – Det er ekstremt kjekt å vere sin eigen sjef, men det er krevjande. Det kom til eit punkt det ikkje blei forsvarleg å drifte eit selskap i den farta aleine. Etter nedlegginga av selskapet vart løysinga å komme inn i eit større og etablert team. Eg kom i snakk med Ole Jonny, fortel Emil. Dei to kjente kvarandre frå før, og etter nokre samtalar fann dei ut at dette var ein god match. Tilfeldigheiter rår igjen. Emil fortel at han er tatt godt i mot. – Dei tar godt vare på meg i Vookal, og det er ikkje ille å vere «han nye». Eg har hoppa inn i prosjekt frå dag éin, og tatt del i mykje allereie, forklarar han. Ole Jonny skyt inn at med Emil på laget har vi enda fleire tenesteområde i porteføljen vår. No kan vi tilby alt innan foto, film, 3D rendering og webutvikling. Alt frå det enkle og malbaserte, til det avanserte og koda.


Småbruksidyll – eller?


På privaten er også kvardagen til Emil prega av tilfeldigheiter. For nokre år sidan kjøpte han eit 100 år gammalt småbruk på Jølster. Han var eigentleg på leit etter hus, men då småbruket dukka opp greip han sjansen. - Eg fekk jo meir for pengane på småbruket enn ei tomt, smilar han. Her skulle han finne roen, og trekke seg litt tilbake når det blei for mykje stress på jobb. Men livet som småbrukar langs Jølstravatnet blei aldri den idyllen han drøymte om. – Det blei berre stress og ting som måtte gjerast heile tida. Idyllen brast, og eg søkte meg tilbake til det trygge leilegheitslivet i Førde, fortel han. Han er også manager for bandet Agabas, eit nokså utradisjonelt deathjazz band som kombinerer noko så heftig som metall og jazz.


Å stole på eigne val


- Eg har nok tatt utradisjonelle val på vegen. Skule og studie vart liksom aldri noko for meg, fortel Emil. Han har i staden brukt tida si på det han har trua på. Det gjer at han har ein veldig variert kompetanse, og er ekstremt dyktig i faget sitt. – Klart eg vurderte å ta ei formell utdanning. Eg var faktisk i snakk med ein som skulle sette fagbrevet i foto opp for meg. Men då vi begynte innsåg vi begge at det ikkje var verdt det. Det ville ikkje lært meg noko nytt, og berre vore ein tidstjuv, fortel han. I ei verd der den formelle utdanninga ofte settast høgt, har Emil vald å stole på eigne instinkt og erfaringar. Hans suksess som fotograf, utviklar og musikkmanager er eit bevis på at vegen til meistring ikkje alltid føl eit førehandsbestemt kart.

Emil sin mangfaldige kompetanse og evne til å gripe moglegheiter har gjort ham til ein verdifull ressurs hos oss. Som Ole Jonny understrekte, bidrar Emil til å styrke teamet og utvide tenesteområda våre. Vi er glade tilfeldigheiter førte deg til oss. Velkommen skal du vere!

Portrettbilde av Karen Nilsen

Publisert for ti månader sidan av

KAREN NILSEN

|

Digital byråleiar

Les meir om Karen

Kategori: Nytt