logo
Blogg

Hels på Karen

Bilde av Hels på Karen

2. januar gjekk startskotet for Karen Nilsen, som er det nyaste ansiktet hos oss i Vookal. Vår nye tekstforfattar og kommunikasjonsrådgivar er 28 år og skal arbeide med mange av dei spennande kommunikasjonsoppgåvene våre.

Karen kjem frå ei stilling som marknadskoordinator på Fjord Base. I fem år har ho jobba med det varierte spekteret av bedrifter frå INC Support. Her har dagane bestått av alle slags arbeidsoppgåver innan kommunikasjon og digitale medium. Før dette har ho tatt ein bachelor i marknadsføringsleiing, hatt eit år i grønt og gått kommunikasjon og media på vidaregåande i Sogndal.


No er ho klar for nye utfordringar, og ser fram til å bli betre kjent med det næringslivet har å by på - både frå kontoret i Førde og i Florø.

- Det blir spennande å arbeide i byrå, det er ein anna måte å jobbe på enn eg tidlegare har gjort, avsluttar ho.


Treng du hjelp innan digital kommunikasjon, tekst eller innhaldsmarknadsføring? Ta kontakt med Karen på karen@vookal.no

Portrettbilde av Karen Nilsen

Publisert for nesten to år sidan av

KAREN NILSEN

|

Digital byråleiar

Les meir om Karen

Kategori: Nytt