logo
Prosjekt

Fjord Base Gruppen - ekstern marknadsavdeling

Fjord Base Gruppen

Fjord Base Gruppen held til på Noregs største forsyningsbase i Florø. Gruppa består av ulike selskap som blant anna driv med logistikk og eigedomsutvikling. Dei har ein av bransjen sine beste logistikkmodellar og er ein av dei grønaste basane i landet. Med Karen i spissen har vi vore deira eksterne marknadsavdeling sidan 2023.

Fremhevet bilde av prosjektet Fjord Base Gruppen - ekstern marknadsavdeling for Fjord Base Gruppen

Karen bidreg med både intern og ekstern kommunikasjon og syt for ein heilskapleg marknadsføringsbodskap. Ho syslar med sosiale medium, innhaldsproduksjon, magasin, nettstad, nyheitsbrev og mykje meir. Alt dei treng ei marknadsavdeling til, bidreg vi med. I VOOKAL har vi variert kompetanse og vi spelar kvarandre gode, og Emil fekk i oppgåve å ta nye bilete til magasinet Fjord Base Nytt. I felt (der vi fekk lov å gå) og i miljøsettingar tok han mange flotte foto. Bileta vart nytta i magasinet - men også til presentasjonar, på nettstaden og i sosiale medium. Ja, eigentleg alle stader ein treng fine foto.

Involverte i prosjektet

Portrettbilde av Karen Nilsen

KAREN NILSEN

Kommunikasjonsrådgivar

karen@vookal.no

48 29 17 94

Les meir om Karen

Portrettbilde av Emil Rasmussen

EMIL RASMUSSEN

Utviklar / fotograf

emil@vookal.no

47 25 80 73

Les meir om Emil

Har du ein lur idé, eller treng hjelp til å finne på noko lurt?

Ta kontakt med oss

Her er fleire prosjekt som du kanskje finn interessant