tenester

Visuell identitet

Design og profil

Grafisk design som fungerer og engasjerer

Grafisk design er ein av pilarane i god kommunikasjon. Våre dyktige grafiske designarar brenn for å levere visuelle uttrykk som fungerer på ulike flater, engasjerer og påverkar og ikkje minst gir ei positiv visuell oppleving. Vi har lang og brei erfaring med å lage grafisk design på ei lang rekke flater: Sosiale medium, webdesign, visuell identitet, brosjyrer, magasin og andre printprodukt, skilt, universell utforming, design til profilering av bilar og meire til.

Få ein grafisk profil som viser kven du er

Kontakt oss for ein uforpliktande prat om korleis vi kan få di merkevare til å verkeleg bli lagt merke til av ditt publikum.

WEBUTVIKLING OG NETTSIDER

Websider og e-handelsløysningar som konverterer

Ei god nettside er utstillingsvindauge for bedrifta di. Den skal bidra til å bygge merkevare di, vere eit funksjonelt salsverktøy og motoren i din kommunikasjon med omverda. Ei god nettside er for mange det første møtet med bedrifta di – så det er viktig at den er attraktiv, funksjonell og følgjer alle krav og reglar. Vi bistår deg med alt frå strategi, design, innhald og funksjonelle, brukarvennlige løysingar. I tillegg sikrar vi at sida er SEO-optimalisert i høve søkemotorar.

Frå våre basar i Førde og Florø utviklar vårt dyktige team nettsider, landingssider og nettbutikker som er i drift over hele landet – mot både lokale, nasjonale og internasjonale kundermarknadar.

Nettsider som fundamenterer din strategi

Kontakt oss for ein uforplikta prat om korleis vi kan hjelpe deg med ei uttrykk på nett som du kan vere stolt av.

Slik skapar du merksemd rundt din stand

Vi har lang erfaring med produksjon av standmateriell til messer ol., anten det er ein rollup eller komplette standar. Vi kan levere alt, og bistår deg med å gi materielle visuellt spennande uttrykk, slik at du skiljer deg ut. Vi kan levere alt frå standardløysingar til spesialdesigna messestands.

Rollups, messeveggar og promoteringsmateriell

Kontakt oss for ein uforpliktande prat om korleis du kan auke merksemda mot di bedrift på neste konferanse eller messe.

DEKOR, SKILT & FOLIERING

Foliering og skilt gjer deg synlegheit i den fysiske verda

Alle bedrifter treng skilt, dekor og folie i høve krav til universell utforming. Vookal har lang og brei erfaring med produksjon av design til skilt og foliedekor, og vi kan levere eit komplett produkt, inkludert montering. Vi leverer design og folie til innvendige og utvendige løysingar, samt folie til bilar, samt ei lang rekke løysingar innan skilt.

INNVENDIG OG UTVENDIG FOLIERING

Vårt designteam står klare til å skape det perfekte uttrykket for ditt kontor eller ditt kjøretøy. Vi designer, leverer og monterer bil- og kjøretøysfoliering, kontor- og glassfoliering (både innandørs og utandørs). Vi leverer foliering for både små og store prosjekt, lokalt og regionalt. Velg mellom spesialtilpassa dekorasjonar, frosting, glassklar eller utskjært folie. Kontakt oss og gjerne for bildekor og bilfoliering.

SKILT OG FASADEDEKORASJON

Vi har lang erfaring som totalleverandør av skilt og dekorasjon av fasader. Vi leverer dekorasjonar for butikkvindu og bygningsveggar, bannere som tålar vær og vind, samt alt av flagg, pop-up veggar og andre typar dekorative element.

Vis kven du er

Kontakt oss for ein uforpliktande prat om skilt, dekor og folie for di bedrift.

ALT AV TRYKKSAKER

Visittkort, rollups, magasiner – vi leverer alt av trykksaker

Vi har gode trykkeriavtalar som sikrar deg rask levering og konkurransedyktige prisar. Vi kan løyse trykkerioppdrag på alt frå visittkort til store magasinproduksjonar. Vi kan også bistå med alle andre tenester ein treng i samband med printproduksjonar, frå teksthjelp til grafisk design.

Frå idé til ferdig leveranse

Kontakt oss for ein uforpliktande prat om ditt prosjekt.

Marknadsføring

Lei ein ekspert som jobbar for deg eit tal timar kvar veke

Trykksaker, websider, digitale verktøy, annonsering og mykje anna – moderne marknadsarbeid består av mange fagområder, og det er utfordrande å sikre kvalitet i alle ledd. Våre rådgivarar står klare til å analysere di bedrift sine digitale plattformar: webside, profilar i sosiale medium, digital profil og annonseringsresultat, samt planlegging og implementering av digital marknadsstrategi. Vi tilbyr også SEO-pakkar som har til målsetnad å drive maksimalt med trafikk til dine kanalar, som aukar din synlegheit og ditt sal på nett. Desse inkluderer teknisk arbeid, trend- og nøkkelordanalyse og digital annonsering i Google og sosiale medium. Som marknadsavdeling for di verksemd ordnar vi sjølvsagt også drift av nettside, digital annonsering, søkemotoroptimalisering og produksjon av innhald.

Etablere ekstern marknadsavdeling

Kontakt oss for ein uforplikta prat om korleis du etablerer ei ekstern marknadsavdeling for di verksemd.

Finn dine kundar deg enkelt på Google?

SEO, eller søkemotoroptimalisering på godt norsk, er metodar og verktøy vi implementerer i dine nettsider og digitale kanalar – for at du skal få meir trafikk og til slutt høgare omsetning eller konvertering i di bedrift. Våre SEO-tjenester er omfattande og effektive, og skapar auka publikumstrafikk til dine kanalar.

Bli meir synleg i Google-søk

Ta ein prat med ein av våre SEO-spesialistar.

Marknadsføring som aukar di synlegheit og ditt sal

Det er ein jungel av moglegheiter der ute innan digital marknadsføring: Google Ads, avis-annonsering, Facebook, Instagram, Tik Tok, Snapchat og Linkedin. Vårt team av digitale marknadsførarar står klare til å bistå deg med hjelp til annonsering, produksjon av innhald, styring av sosiale medium og produksjon av annonser. I VOOKAL har vi eit tverfagleg team beståande av digitale marknadsførarar, tekstforfattar og grafiske designarar, som står klare til å skape effektivt, målretta og visuelt treffande innhald til deg.

Vi hjelper deg auke di synlegheit og ditt sal

Kontakt oss for ein uforplikta prat om korleis du kjem til neste nivå med digital marknadsføring.

Innhaldsproduksjon

Historiefortelling som fenger og engasjerer

Vi lev i ei verd som blir stadig meir digital. Det er lett å gløyme at god kommunikasjon startar med gode tekstar. Til dømes på nettsida di, til printproduk, sosiale medium som Instagram, Facebook, LinkedIn, TikTok og mange fleire. Vår erfarne tekstforfattar hjelp deg fram til desse gode tekstane – både omfattande redaksjonelt arbeid, men også korte og effektive postar. Vi tilbyr også innhaldsmarknadsføring til eigne kanalar og til bruk i andre digitale marknadsføringskanalar.

Dine historiar engasjerer ditt publikum

Kontakt oss for ein uforplikta prat om korleis vi kan bidra med å utforme og formidle dine gode historiar.

Visuell historiefortelling som engasjerer og inspirerer

For våre kundar produserer vi ulike typar video; korte marknadsføringsklipp for TikTok og Instagram, tradisjonelle reklamefilmar, produktshowcaser og bedriftspresentasjonar. Sidan bruksområde varierer veldig, tilpassar vi sjølvsagt innholdet til dine kanalar, anten det er YouTube, Facebook, eller i ståande format for stories og reels.

Engasjer ditt publikum med levande bilete

Kontakt oss for ein uforplikta prat om kva type videoproduksjon som vil hjelpe deg nå dine mål.