logo
Folka i VOOKAL

Gjertrud Andreassen Huus

Portrett av Gjertrud Andreassen Huus

Gjertrud er den heldige som skal vikariere for Lene på vår digitale marknadsavdeling. Ho har utdanning innan digital innhaldsproduksjon, og er glad i å ta bilete. Ho ville ha ein jobb der ho kunne gå i blazer. Og jammen – det fekk ho! Ho trivast i kreative miljø, og likar å finne nye måtar å vekke merksemd og synlegheit på.

Gjertrud verdset å drikke kaffi på verandaen til faren, shoppe, gå på tur med hunden Timon (utan Pumba), plukke blåbær, ta bilete og ri hest. Men ikkje kall ho for «hestejente». Det likar ho ikkje. Det er kjekt med ei på kontoret som kan lære oss opp på det siste innan countrymusikk. Og sjølvsagt meir. Gjertrud blir å sjå både i Førde og Florø.