
Årets farge 2023
No er tida inne for at Pantone lanserer årets farge for 2023. Når eit nytt år står framfor oss har Pantone kåra årets farge sidan 1999, og vinnaren skal vere med å sette retning for året. Både innan design, interiør og mote skal fargen vere med å sette dagsorden. Kor mykje ein vel å nytte seg av Pantone sitt forslag er sjølvsagt valfritt.
Årets farge er Viva Magenta. Eit sprekt, spennande og modig fargeval. I følgje dei sjølv stammar fargen frå den raude familien, og uttrykker eit nytt signal om styrke. Skal vi tru Pantone sine noko pompøse uttrykk er også fargen fryktlaus og pulserande, samtidig som den fremmar ei både gledeleg og optimistisk feiring.
Ein ukonvensjonell nyanse for ei ukonvensjonell tid: Ein ny visjon
Viva Magenta skil seg ut frå tidlegare versjonar av kåringa. Den er modigare enn sine forgjengarar. Vi synest dette er ein frisk start på det nye året, og set pris på dei optimistiske innslaga om nye startar. Er dette året vi tar endå villare og dristigare fargeval – inspirert av Viva Magenta sin optimisme og visjon? Kanskje det

«Eit praktverk av ein plan»
Det stod ikkje på lovorda når Kulturmiljøplanen for Sunnfjord 2023-2030 vart ferdig handsama i ko
No er Førdepatrioten lansert
I dag lanserer vi den digitale Førdepatrioten, som er eit kjekt samarbeid mellom VOOKAL og Førde F
Når ei dør blir stengd, opnar det seg ei anna
Når du har gode folk i arbeid, er det alltid ein fare for at andre får lyst å tilsette dei: Vår